Akkalasamisk
Utsjånad
Akkalasamisk | ||
Klassifisering | uralske språk finsk-ugriske språk samiske språk austsamiske språk Akkalasamisk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Område | Murmansk oblast | |
Akkalasamisktalande i alt | 0 | |
Rangering | «Ikkje topp-100» | |
Skriftsystem | - | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | - | |
Normert av | Forskningscentralen för de inhemska språken | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | sia | |
Glottolog | akka1237
|
Akkalasamisk, bestemorsamisk eller babinsk-samisk er eit austsamisk språk som vart snakka i Babinsk-området (bokstavleg 'Bestemorområdet') i Murmansk oblast i Russland. Den siste talaren av akkalasamisk, Marja Sergina, døydde 29. desember 2003.[1] Akkalasamisk er altså eit utdøydd språk.
Tradisjonelt budde akkalasamane i dei tidlegare landsbyane Babino og Jokostrov ved sjøen Imandra nær kysten av Kvitsjøen nord for Kandalakša.
Språkleg sett ligg akkalasamisk mellom kildinsamisk og skoltesamisk, kanskje nærare skoltesamisk.
P.M. Zajkov har skrive ein monografi over akkalasamisk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Zajkov, P. M. 1987. Babinskij dialekt saamskogo jazyka (fonologo-morfologičeskoe issledovanie). Petrozavodsk: Karelija.