Adjø
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Adjø (fleirtyding).
— Adjø! sier han kolt. — Adjø! svarte jei lissaa kolt — og han gaar bortover til bryggen igjen, mens jei blir staaende og se efter ham.
Hans Jæger
Syk kjærlihet, kapittel XXIV[1] |
TROJANEN. Adieu min Herre! jeg maae gaae, jeg er hans skyldigste Tiener af mit Hierte.
Ludvig Holberg
Ulysses von Ithacia (1725), II.2.[2] |
Adjø er ei avskjedshelsing som kjem frå fransk adieu (à Dieu), 'til Gud'. Det kan brukast som interjeksjon («adjø!») eller vera eit substantiv som viser til avskjed eller denne helsinga. I mange samanhengar kan det verka som eit svært formelt eller arkaisk ord. Ein variant av adjø, «adjøs», som på moderne norsk og dansk er rekna som ei svært uformell helsing, kjem truleg frå den spanske forma av ordet, adios.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Dei eldste forma av ordet er gammalfranske adeu frå slutten av 1100-talet. Fram til og med 1800-talet var det ei vanleg avksjedshelsing - i nokre sørfranske dialektar også ei helsing ein kunne bruka når ein møtte nokon. På 1900-talet byrja helsinga bli erstatta av avskjedshelsingar som «au revoir», og «adieu» fekk ein meir høgtideleg tone knytt til endelege, langvarige eller kjensletunge avskjedar.[3]
Ordet er lånt inn til fleire andre språk. Det er kjend i mellomengelsk allereie frå 1300-talet.[4] Det har gradvis blitt mindre brukt og blitt det mest formelle avskjedordet også på engelsk.[5]
På tysk var «adieu» eit utbreidd avskjedsord på byrjinga av 1900-talet, men blei utsett for propaganda som framandord frå fienden då Tyskland kjempa mot Frankrike i første verdskrigen. Avleidde former som Ade, Ädi, Tschö og Tschüs er framleis i bruk i fleire dialektar.
Bruk i kulturen
[endre | endre wikiteksten]«Adieu» er tittelen på ei novelle av Honoré de Balzac frå 1830 og ei av Guy de Maupassant frå 1884.
«Adjø» eller «Adieu» er tittel for fleire songar, som songen Adjø frå 1963, framført av Anita Thallaug og Beate Brevik, «Adieu» frå 1982 av Jahn Teigen og Anita Skorgan og «Adieu» av Cœur de pirate frå 2011.
«Adieu mes amours» er ein chanson frå 1400-talet som særleg er kjend frå ein komposisjon av Josquin des Prez frå rundt 1480.
Ludwig van Beethoven sin Pianosonate No. 26 i E-dur, Op. 81a frå 1809-1810, er også kjend som Les Adieux. Sonaten har tre satsar som alle har avskjedstitlar: «Das Lebewohl», «Abwesenheit», «Das Wiedersehen».
«Adieu für Wolfgang Sebastian Meyer» er ein komposisjon av Karlheinz Stockhausen frå 1966.
Biletdøme
[endre | endre wikiteksten]-
A Married Sailor's Adieu (ca. 1800) av Julius Caesar Ibbetson.
-
Adieu (1901) av Edmund Blair Leighton.
-
«Adieu, Cocottes» (1903) av Jules-Alexandre Grün.
-
Kort med nyttårsforsett frå rundt 1909 som bruker «adieu» til å prøva ta endeleg avskjed med dårlege vanar: «To Gossip, Slang and Cuss words / I'll bid a last "Adieu"».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «adjø» (14. februar 2009), Store norske leksikon.
- «adjø» Arkivert 2014-07-14 ved Wayback Machine. i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
- Friedrich Kluge, bearbeitet von Elmar Seebold: Etymologisches Wörterbuch der deutschen Sprache. 25., durchgesehene und erweiterte Auflage. Walter de Gruyter, Berlin/Boston 2011, ISBN 978-3-11-022364-4, DNB 1012311937. Oppgjeve av Tysk Wikipedia.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Adieu» frå Wikipedia på tysk, den 19. juni 2014.