Ankogel-massivet
Utsjånad
Ankogel-massivet er eit område i fjellkjeda Hohe Tauern i Alpane i Austerrike. Massivet ligg i forbundslanda Salzburg og Kärnten.
Hochalmspitze, den høgste fjelltoppen i massivet, når 3 360 meterover havet. Massivet, som er det austlegaste fjellområdet i Hohe Tauern, har namn etter fjelltoppen Ankogel, 3 252 meter over havet. Vidare austover strekker fjellkjeda Niedere Tauern seg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ankogelgruppe» frå Wikipedia på tysk, den 19. august 2014.