[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Andy Cole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andy Cole


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 15. oktober 1971 (53 år)
Nottingham
Idrett fotball

Andrew Alexander Cole, kjend som Andy Cole, (fødd 15. oktober 1971) er ein engelsk tidlegare fotballspelar fødd i Nottingham. Tida 1990-2008 var han aktiv i 12 ulike engelske fotballklubbar på nivå ein eller to i seriesystemet. Cole er særleg kjend for dei sju åra, 1995-2001, i Manchester United-drakt, der han mellom anna var med å vinne Meisterligaen 1999.

Cole slo gjennom i Newcastle United, ein klubb han spelte på frå februar 1993 til januar 1995. På 70 kampar skåra han heile 55 mål for Newcastle og var toppskårar i Premier League 1993/94. 10. januar 1995 vart Cole overført til Manchester United, mot 7 millionar engelske pund, ein då rekordhøg sum for ein engelsk fotballspelar. Med Manchester United vann han ligaen fem gongar, FA-cupen to gongar og Meisterligaen 1999.

Cole spelte 15 landskampar på Englands landslag, ofte som innbytar. Hans einaste landslagsmål kom i sluttsekunda då England i mars 2001 vann 3-1 over Albania i ein VM-kvalifiseringskamp i Tirana.

Heilt på tampen av året 2001 gjekk turen frå Manchester United til Blackburn Rovers, mot eit vederlag på 8 millionar pund. Allereie 24. februar 2002 opplevde Cole høgdepunktet med Blackburn, i ligacupfinalen mot Tottenham Hotspur vart han matchvinnar med si 2-1-skåring. Frå sommaren 2004 spelte han ein sesong i kvar av klubbane Fulham FC, Manchester City og Portsmouth FC. Cole la opp i november 2008, han spelte til dess for Nottingham Forest.

  • Vinnar av meisterligaen: 1999 med Manchester United
  • Vinnar av Premier League: 1996, 1997, 1999, 2000 og 2001 (5) med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1996 og 1999 med Manchester United
  • Vinnar av ligacupen: 2002 med Blackburn Rovers