Anatolij Karpov
Anatolij Karpov | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 23. mai 1951 (73 år) Zlatoust |
Yrke | sjakkspelar, politikar, skribent, journalist, medlem av Statsdumaen |
Språk | spansk, russisk |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Medlem av | sjette statsduma, syvende statsduma, Den russiske føderasjonens første offentlige kammer, åttende statsduma |
Nettstad | http://aekarpov.com/ |
Anatolij Karpov på Commons |
Anatolij Jevgenjevitsj Karpov[a] (fødd 23. mai 1951 i Zlatoust i Tsjeljabinsk oblast) er ein russisk sjakkspelar. Karpov var verdsmeister i sjakk frå 1975 til 1985 og igjen frå 1993 til 1999.
VM-kampane
[endre | endre wikiteksten]Karpov vart verdsmeister i 1975 etter å ha vunne kandidatfinala mot sjakkstormeister Viktor Korchnoi i 1974. Karpov vart verdsmeister i 1975 utan kamp, då verdsmeisteren frå 1972, Bobby Fischer frå USA ikkje ville akseptere vilkåra for VM-kampen som verdssjakkforbundet FIDE hadde bestemt.
Karpov forsvarte VM-tittelen i kampar mot Viktor Korchnoi i 1978 og 1981.
I 1984 spelte Karpov ein VM-kamp mot Garri Kasparov. Regelen var då at vinnaren vart den som først fekk 6 sigrar vart verdsmeister. Etter mange månader speling og 48 parti var stillinga 5-3 i favør av Karpov - men då hadde Kasparov vunne dei to siste partia. Presidenten i verdssjakkforbundet FIDE braut då av kampen, av omsyn til spelarane si helse.
Det vart så spela ein ny kamp i 1985, og denne gongen kunne ikkje Karpov hindre at Kasparov vann kampen, og vart ny verdsmeister. Karpov freista både i 1986, 1987 og 1990 å ta tilbake tittelen, men mislukkast.
I 1993 braut Kasparov med verdssjakkforbundet FIDE, og danna sin eigen organisasjon, PCA, der han arrangerte sine eigne VM-kampar. Samtidig arrangerte FIDE sin eigen VM-kamp, der Karpov i 1993 vann mot sjakkstormeister Jan Timman frå Nederland og dermed vart offisiell FIDE-verdsmeister igjen.
I 1996 forsvarte Karpov VM-tittelen i kamp mot sjakkstormeister Gata Kamsky frå USA.
I 1998 endra verdssjakkforbundet FIDE systemet for å peike ut ein VM-utfordrar. Sjakkstormeister Viswanathan Anand frå India vann ei stor utslagsturnering (cup), men hadde ingen sjanse i VM-kampen mot ein utkvild Karpov nokre dagar etterpå.
I 1999 endra verdssjakkforbundet FIDE på nytt systemet, og gjorde VM om til ei stor utslagsturnering. Dette ville ikkje Karpov vere med på, og gav opp VM-tittelen.
Heider
[endre | endre wikiteksten]Karpov vart tildelt Sjakk-Oscar som beste spelar for året, for åra frå og med 1973 til og med 1977 og 1979 til 1981, 8 år. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Анато́лий Евге́ньевич Ка́рпов
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sigurd Heiestad - Øystein Brekke: VM sjakk i 100 år, Aventura 1986, ISBN 82-588-0435-9
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
- Mark Weeks si side på engelsk med oversikt over alle sjakk-VM
- Fotnotar