[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Crocodile Rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crocodile Rock
Singel av Elton John
frå albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player
B-side

«Elderberry Wine»

Utgjeve 27. oktober 1972 (UK)
20. november 1972 (US)
Sjanger Rock
Lengd 3:23
Selskap MCA (US)
DJM (UK)
Tekstforfattar Bernie Taupin
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Elton John-kronologi 
«Honky Cat»
(1972)
Crocodile Rock «Daniel»
(1973)


«Crocodile Rock» er ein song skriven av Elton John og Bernie Taupin, og spelt inn i juni 1972 i Strawberry Studios i Château d'Hérouville i Frankrike. Han vart gjeven ut som singel den 27. oktober 1972 i Storbritannia og 20. november 1972 i USA før albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player kom ut i 1973. Det var den første singelen hans som gjekk til topps i USA, noko han klarte den 3. februar 1973. Singelen vart liggande på topps i tre veker og selde til gull seinare på året. I 1995 hadde singelen seld til platina.[1]

Singelen nådde òg toppen i Canada og låg øvst på lista i fire veker.[2]

«Crocodile Rock» er dominert av eit Farfisa orgel, spelt av John med ein karinvalliknande lyd og honky-tonk-rytme. Teksten tar eit nostalgisk tilbakeblikk på tidleg rock 'n' roll, og eit forhold til ei kvinne som heiter Suzie. Songen har likskap til fleire songar frå slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra, mellom andre Del Shannon sin «Cry Myself to Sleep» frå 1962 og «Little Darlin'», som vart spelt inn i 1957 av The Diamonds. Refrenget minnar om «Speedy Gonzales» av Pat Boone.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1972-73) Plassering
Australia 2
Belgia 3
Canada RPM Top Singles 1
Tyskland 3
Irland 10
Nederland Nederlandsk Topp 40 11
Noreg 3
New Zealand Listener 1
Sveits 1
UK Singles Chart 5
US Billboard Hot 100[3] 1
US Billboard Easy Listening 11
US Cash Box Top 100[4] 1

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1973) Plassering
Australia [5] 5
Canada[6] 5
Sveits[7] 7
UK[8] 49
U.S. Billboard Hot 100[9] 7
U.S. Cash Box[10] 4

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er Teddy Robin frå Hong Kong, Ervinna frå Singapore, The Beach Boys, Alvin and the Chipmunks og Baha Men.

Crocodile Rock er ein av songane i videospelet Lego Rock Band.

Nelly Furtado og John sjølv song inn songen 2010 for filmen Gnomeo and Juliet, som kom ut i 2011.

  1. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 46. ISBN 0-87586-207-1. 
  2. http://en.wikipedia.org/wiki/List_of_RPM_number-one_singles_of_1973
  3. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  4. «Archived copy». Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 11. mai 2018. 
  5. Steffen Hung. «Forum - Top 100 End of Year AMR Charts - 1980s (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 11. mai 2018. 
  6. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 11. mai 2018. 
  7. Swiss Year-End Charts, 1973
  8. en:1972 in British music#Best-selling singles
  9. «Top 100 Hits of 1973/Top 100 Songs of 1973». Musicoutfitters.com. Henta 11. mai 2018. 
  10. «Archived copy». Arkivert frå originalen 11. januar 2015. Henta 25. juni 2016.