Christina Rossetti
Christina Rossetti | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 5. desember 1830 London |
Død |
29. desember 1894 (64 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, salmediktar |
Religion | Den anglikanske kirke |
Far | Gabriele Rossetti |
Mor | Frances Polidori |
Christina Rossetti på Commons |
Christina Georgina Rossetti (5. desember 1830–29. desember 1894) var ein britisk diktar som skreiv romantiske og åndelege dikt, i tillegg til barnedikt. Ho skreiv dikta Goblin Market og Remember, og teksten til julesongen «In the Bleak Midwinter», som i norsk omsetjing er med i Norsk salmebok 2013.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Barndom og utdanning
[endre | endre wikiteksten]Christina Rossetti var fødd i 38 Charlotte Street (no 105 Hallam Street), London av foreldra Gabriele Rossetti, ein diktar og politisk flyktning frå Vasto i Abruzzo, og Frances Polidori, systera til lord Byron sin venn og lege, John William Polidori.[1] Ho hadde to brør og ei søster: Dante blei ein viktig diktar og kunstnar, og både William og Maria blei forfattarar.[1] Christina var yngst, og var eit livleg barn. Ho dikterte den fyrste forteljinga si til mora før ho sjølv kunne skriva.[2]
Rossetti fekk undervising heime av foreldra, og dei fekk henne til å lesa religiøse tekstar, klassikarar, eventyr og romanar. Rossetti likte særleg å lesa Keats, Scott, Ann Radcliffe og Matthew Lewis.[3] Heimen var sterkt påverka av verka til Dante Alighieri, Francesco Petrarca og andre italienske forfattarar, og dette skulle seinare prega forfattarskapet hennar. Heimen var òg open for omreisende italienske lærde, kunstnarar og revolusjonære.[4] Heimen til familien i Bloomsbury og seinare i Charlotte Street låg i kort avstand frå Madame Tussauds, London Zoo og den nyleg opna Regent's Park, som ho vitja jamleg. I motsetning til foreldra sine var Rossetti i stor grad eit «londonbarn», og det verkar som om ho var eit lykkeleg barn.[3][4]
I 1840-åra fekk familien alvorlege økonomiske problem på grunn av den sviktande fysiske og psykiske helsa til faren. I 1843 blei han diagnostisert med kraftig bronkitt, kanskje tuberkulose, og stod i fare for å mista synet. Han slutta som lærar ved King's College, og sjølv om han levde i endå elleve år, blei han aldri fysisk frisk igjen og leid i tillegg av depresjon. Mor til Rossetti byrja arbeida som lærer for å halda familien unna fattigdom, og Maria blei guvernante, ein skjebne Christina Rossetti frykta. Begge brørne jobba òg ute, og heimelivet til Christina blei meir og meir einsamt.[5] Då ho var 14 år gammal fekk ho eit nervøst samanbrot, og slutta på skulen. I tida etter var ho òg ramma av depresjon og relaterte lidingar. I denne perioden blei både ho, mora og systera djupt interesserte i den anglo-katolske rørsla som voks fram i den engelske kyrkja. Religiøsitet kom til å spela ei viktig rolle i livet til Rossetti.
Rossetti var modell for fleire av dei best kjende måleria til Dante Rossetti. I 1848 var ho modell for jomfru Maria i det fyrste fullførte oljemåleriet hans, The Girlhood of Mary Virgin. Det var òg det fyrste verket som blei signert med initialane «PRB», som seinare blei avslørt å stå for den prerafaelittiske brorskapen. Året etter sat ho modell for framstillinga hans av engelen sin bodskap til Maria, Ecce Ancilla Domini.[6] Ei linje frå diktet hennar «Who shall deliver me?» var inspirasjon til Fernand Khnopff sitt berømte måleri I lock my door upon myself. I 1849 blei ho igjen alvorleg sjuk av depresjon, og ein gong rundt 1857 hadde ho ei alvorleg religiøs krise.[4]
Forfattarskap
[endre | endre wikiteksten]Rossetti byrja å skriva og datera dikt frå 1842, i hovudsak var dette etterligninger av favorittdikta hennar. Frå 1847 byrja ho å eksperimentera med verseformer som sonettar, hymner og balladar, og trekte inn forteljingar frå Bibelen, folkeforteljingar og liva til helgenar. Dei tidlege verka hennar var ofte meditasjonar kring død og tap, i den romantiske tradisjonen.[3] Ho gav ut dei to fyrste dikta sine («Death's Chill Between» og «Heart's Chill Between») i bladet Athenaeum i 1848, då ho var 18 år gammal.[7][8] Under pseudonymet «Ellen Alleyne» skreiv ho i det litterære tidsskriftet The Germ, som blei gjeve ut av det prerafaelittiske broderskap frå januar til april 1859 og redigert av broren hennar William.[1] Dette var byrjinga på det offentlege virket hennar.[9]
Den mest kjente samlinga hennar, Goblin Market and Other Poems, kom ut i 1862 då ho var 31 år. Ho fekk svært gode kritikkar, og etablerte henne som ein av dei leiande kvinnelege poetane i samtida. Forfattarar som Hopkins, Swinburne og Tennyson skrøyt av arbeidet hennar,[10][11] og etter at Elizabeth Barrett Brownings døydde i 1861 blei Rossetti halden opp som ein naturleg arvtakar.[11] Diktet som gav namn til samlinga er eit av dei best kjende Rossetti skreiv. Det handlar på overflata om to systrer som møter «goblinar» (nissar), men er blitt tolka på svært ulike måtar; som ein allegori over fristing og frelse, ein kommentar på viktorianske kjønnsroller og rolla til kvinna eller som eit verk om erotiske lyster og sosial gjenoppretting. Frå 1859 til 1870 verka Rossetti som frivillig på eit senter for tidlegare prostituerte, og det har blitt foreslått at «Goblin Market» kan ha blitt inspirert av kvinnene ho møtte der.[12] Det er paralleller til Coleridge sitt dikt «The Rime of the Ancient Mariner» med tanke på den religiøse tematikken kring synd, nåde og stadfortredande liding.[13] I 1883 dediserte Swinburne samlinga A Century of Roundels til Rossetti ettersom ho hadde tatt i bruk ei av diktformene hans i fleire dikt, blant anna «Wife to Husband».[14]
Rossetti hadde ein særs stor krins av venner og folk ho korresponderte med. Ho heldt fram med å skriva og publisera heile livet, med eit særleg fokus på åndelege skrifter og barnedikt. I 1892 skreiv ho The Face of the Deep, ei bok med åndelege vers, og hadde oppsyn med ei ny og utvida utgjeving av Sing-Song som kom ut i 1893.[15]
Dei siste tiåra av livet leid ho av Graves' sjukdom, som ho blei diagnostisert med i 1872. Ho døydde nesten av sjukdommen i byrjinga av 1870-åra.[16][17] I 1893 fekk ho brystkreft, og sjølv om svulsten blei fjerna, fekk ho tilbakefall i 1894. Ho døydde same året.[18] Staden ho døydde, ved Torrington Square, er markert med ei steintavle.[19]
When I am dead, my dearest
1862[20]
|
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om Rossetti aldri blei like populær som Elizabeth Barrett Browning i si levetid, blei ho verande populær etter at ho døydde. På byrjinga av 1900-talet gjekk interessa for henne tilbake etterkvart som modernismen vann fram. Forskarar byrja å utforska freudiansk tematikk i verka hennar, som religiøs og seksuell fortrenging, og ein såg etter personlege og biografiske tolkingar av dikta.[4] På 1970-talet byrja akademikarar å sjå på verka hennar igjen, og såg forbi det søtladne i dei og meir på korleis ho meistra språk og form. Feministar heldt henne fram som eit symbol på undertrykt, kvinneleg genialitet, og plasserte henne som ein av dei leiande poetane frå 1800-talet.[1][4] Ho hadde stor påverknad på arbeidet til forfattarar som Ford Madox Ford, Virginia Woolf, Gerard Manley Hopkins, Elizabeth Jennings og Philip Larkin. Kritikaren Basil de Selincourt har sagt at ho var «den beste kvinnelege poeten vår … kanskje den beste kvinnelege kunstnaren vår … kanskje blant dei tolv beste engelske poetane.»[4][21]
Rossetti sitt juledikt «In the Bleak Midwinter» blei kjend etter at ho døydde, då det blei tonesett som ein julesong, fyrst av Gustav Holst og deretter av Harold Darke.[22] Også diktet «Love Came Down at Christmas» (1885) er blitt kjent som ein julesong.[23] Rossetti blir heidra med ein minnedag i den anglikanske liturgiske kalenderen. Dette er 27. april.[24]
I 1918 sette komponisten John Ireland musikk til åtte av dikta frå Sing-Song: A Nursery Rhyme Book i songsyklusen sin Mother and Child.
Tittelen på J.K. Rowling sin roman The Cuckoo's Calling er basert på ei linje i Rossetti-diktet «A Dirge».
Utgivingar
[endre | endre wikiteksten]Diktsamlingar
[endre | endre wikiteksten]- Verses. London: privat, 1847.[25]
- Goblin Market and Other Poems. London: Macmillan, 1862.[25]
- 1876 Ny utgåve revidert av forfattaren
- The Prince's Progress and Other Poems. London: Macmillan, 1866.[25]
- Goblin Market, The Prince's Progress, and other poems. London: Macmillan, 1879.
- Sing-Song: A Nursery Rhyme Book (1872, 1893)
- Speaking Likenesses. London: Macmillan, 1874.[25]
- A Pageant and Other Poems (1881)
- Verses. London: Society for Promoting Christian Knowledge, 1893.,[25]
- New Poems London: Macmillan, 1896.[25]
- The Rossetti Birthday Book. London: privat, 1896.[25]
- The Poetical Works of Christina Georgina Rossetti. Redigert av William Michael Rossetti. London: Macmillan, 1904.
- The Complete Poems of Christina Rossetti. Redigert av Rebecca W Crump. Tre bind Baton Rouge: Louisiana State University Press, 1979–85.
Fiksjon
[endre | endre wikiteksten]- Commonplace and Other Stories. London: Ellis, 1870[25]
Sakprosa
[endre | endre wikiteksten]- Called to Be Saints. London: Society for Promoting Christian Knowledge, 1881.
- «Dante, an English Classic.» Churchman's Shilling Magazine and Family Treasury 2 (1867): 200–205.
- «Dante. The Poet Illustrated out of the Poem.» The Century (Februar 1884): 566–73.
- The Face of the Deep. London: Society for Promoting Christian Knowledge, 1893.
- Seek and Find: A Double Series of Short Studies of the Benedicite. London: Society for Promoting Christian Knowledge, 1879.
- Time Flies: A Reading Diary. London: Society for Promoting Christian Knowledge, 1885.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Poet Christina Rossetti», Poets.org
- ↑ «Author Profile: Christina Rossetti», Literary Worlds, BYU.edu, 19. mai 2011.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Packer, Lona Mosk (1963): Christina Rossetti University of California Press, s. 13-17
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Duguid, Lindsay (januar 2009): «Rossetti, Christina Georgina (1830-1894), poet» Arkivert 15. november 2016 på Wayback Machine., Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edition, krever abonnement
- ↑ Packer, Lona Mosk (1963): Christina Rossetti University of California Press, s. 20
- ↑ «The Girlhood of Mary Virgin 1848–9», Tate Gallery
- ↑ «Rossetti, Christina (Nineteenth-Century Literary Criticism)», eNotes.com, 19. mai 2011.
- ↑ Marsh, Jan «Christina Rossetti and the Pre–Raphaelite Brotherhood» Arkivert 30. mai 2012 på Wayback Machine.
- ↑ The Cambridge Companion to English Poets (2011) Claude Rawson. Cambridge University Press pp424-29
- ↑ «Poet Christina Rossetti», Poets.org
- ↑ 11,0 11,1 The Cambridge Companion to English Poets (2011) Claude Rawson. Cambridge University Press pp424-29
- ↑ Packer, Lona Mosk (1963): Christina Rossetti, University of California Press, s. 155
- ↑ Hassett, Constance W. (2005): Christina Rossetti: the patience of style University of Virginia Press p15
- ↑ Rossetti, Christina (2001 ): The Complete Poems, Penguin Books, London, ISBN 9780140423662
- ↑ Harrison, Antony H. (2004): The Letters of Christina Rossetti, bind 4, 1887–1894 University of Virginia Press, ISBN 0-8139-2295-X
- ↑ «Poet Christina Rossetti», Poets.org
- ↑ Duguid, Lindsay (januar 2009): «Rossetti, Christina Georgina (1830-1894), poet» Arkivert 15. november 2016 på Wayback Machine., Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edition, krever abonnement
- ↑ Harrison, Antony H. (2004): The Letters of Christina Rossetti, bind 4, 1887–1894 University of Virginia Press, ISBN 0-8139-2295-X
- ↑ «Christina Rossetti: London Remembers». londonremembers.com. Henta 22. november 2013.
- ↑ «When I am dead, my dearest» hos the Poetry Foundation
- ↑ TLS, 4. desember 1930.
- ↑ «Bleak Midwinter named best carol», BBC 27. november 2008
- ↑ «Christmastide», Hymns and Carols of Christmas
- ↑ Joslyn-Siemiatkoski, Dan (2012): The Baptismal Ecclesiology of Holy Women, Holy Men: Developments in the Theology of Sainthood in the Episcopal Church, s. 33
- ↑ 25,0 25,1 25,2 25,3 25,4 25,5 25,6 25,7 «Christina Rossetti Bibliography» Arkivert 3. mars 2016 på Wayback Machine. – UK First Edition Books, Bookseller World, 19. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Christina Georgina Rossetti» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mai 2023.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Clifford, David & Roussillon, Laurence (2004): Outsiders Looking In: The Rossettis Then and Now. London: Anthem.
- Jones, Kathleen (1991): Learning Not to be First: A Biography of Christina Rossetti. Oxford: Oxford University Press.
- Marsh, Jan (1994): Introduction. Poems and Prose. By Christina Rossetti. London: Everyman, xvii – xxxiii.
- Marsh, Jan (1994): Christina Rossetti: A Writer's Life. New York: Viking.
- Ives, Maura (2011): Christina Rossetti A Descriptive Bibliography, Oak Knoll Press