Carl Philip av Sverige
Carl Philip | |||
Prins Carl Philip og prinsesse Sofia etter bryllaupet 13. juni 2015 | |||
Fødd | Carl Philip Edmund Bertil 13. mai 1979 Stockholm i Sverige | ||
---|---|---|---|
Tittel | Prins av Sverige | ||
Alle titlar | 1979 Kronprins av Sverige 1980–i dag Prins av Sverige Hertug av Värmland | ||
Fullt namn | Carl Philip Edmund Bertil | ||
Hus eller slekt | Bernadotte | ||
Land | Sverige | ||
Mor | Silvia av Sverige | ||
Far | Carl XVI Gustaf av Sverige | ||
Ektefelle | Sofia av Sverige | ||
Barn | Alexander av Sverige, Gabriel av Sverige, Julian av Sverige |
Carl Philip (fødd 13. mai 1979) er prins av Sverige, hertug av Värmland og tidlegare kronprins av Sverige. Han er einaste son av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Carl Philip vart fødd som kronprins, men gjennom ei grunnlovsendring i 1980 vart den agnatiske tronfølgja oppheva, og den eldre systera hans prinsesse Victoria av Sverige vart dermed næraste tronarving. Carl Philip har også ei yngre syster, prinsesse Madeleine av Sverige. Han vart trulova med den tidlegare glamourmodellen og Paradise Hotel-deltakaraen Sofia Hellqvist i 2014, og bryllaupet fann stad 13. juni 2015 i Slottskyrkan i Stockholm.[1][2]
Carl Philip er utdanna marineoffiser. Mellom dei mange ordnane hans finst også Storkrossen av St. Olavs Orden.
Namn og titlar
[endre | endre wikiteksten]- 13. mai 1979-31. desember 1980: Den høgvørde kronprins Carl Philip Edmund Bertil av Sverige, hertug av Värmland
- 1. januar 1980–idag: Den høgvørde prins Carl Philip Edmund Bertil av Sverige, hertug av Värmland
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Carl Philip av Sverige
-
Prins Carl Philips monogram
-
Prins Carl Philip køyrer ein Porsche 997 GT3 Cup i Sverige, 20. april 2008
-
Prinsesse Madeleine og Prins Carl Philip ankom Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010
-
Prinsesse Madeleine og Prins Carl Philip ankom Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er omsett frå «Carl Philip av Sverige» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mi 2010.
- ↑ «Prins Carl Philip gifter seg 13. juni». Norsk rikskringkasting. 23. oktober 2014. Henta 23. oktober 2014.
- ↑ «Nå er de gift: Danset nedover kirkegulvet!». Verdens Gang. 13. juni 2015. Henta 14. juni 2015.
Føregangar Estelle av Sverige |
Arvefylgja til den svenske trona |
Etterfylgjar Madeleine av Sverige |