Carl Gustaf Hellqvist
Carl Gustaf Hellqvist | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 15. desember 1851 Kungsör |
Død |
19. november 1890 (38 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | historiemåleri, sjangermåleri |
Carl Gustaf Hellqvist på Commons |
Carl Gustaf Hellqvist (15. desember 1851–19. november 1890) var ein av dei mest populære svenske historiemålarane i Sverige på 1800-talet.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Hellqvist var frå Kungsör i Västmanland. Då han var rundt 12 år gammal flytta han til Stockholm og gjekk i lære hos ein dekorasjonsmålar, før han i 1864 begynte å studere ved Kungliga Konstakademien. I 1875 vart han tildelt akademiets høgste pris for måleriet Gustaf I anklagar Peder Sunnanväder och Mäster Knut inför domkapitlet i Västerås.
I 1877 fekk Hellqvist eit reisestipend av akademiet og la ut på studiereiser i Europa. Åra 1879-82 arbeidde han i München. I august 1882 vart han i Wien tildelt gullmedalje for sitt storslåtte historiemåleri Valdemar Atterdag brandskattar Visby. Etter å ha gifta seg, flytta han same året til Paris, der han tidlegare hadde stilt ut oljemåleriet Sten Sture d.y:s död på Mälarens is 1520.
Frå 1886 underviste Hellqvist ved Königliche akademische Hochschule für die bildende Künste i Berlin. Han leid av kraftige hovudsmertar etter ei hjerneskaking, noko som etter kvart tvinga han til slutte med både å undervise, og til sist, også å måle. Hellqvist var plaga med krampar og i 1889 vart behandla med elektrosjokk, og sett på diett. Året etter døydde han på mentalsjukehuset Irrenanstalt og vart gravlagd i München.
Målaren Hellqvist var sterkast påverka av landsmannen Georg von Rosen, tyske Carl von Piloty, og til sist av fransk friluftsmåleri.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carl Gustaf Hellqvist» frå Wikipedia på svensk, den 19. oktober 2013.