[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Canon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Canon


Hovudkvarteret til Canon
Org.formKabushiki kaisha
BransjeElektronikk
Skipa10. august 1937
HovudkontorKrefeld
LandJapan
Produktspeilreflekskamera, kamera, kopimaskin, digitalkamera, videokamera, skrivar, kontorrekvisita, programvare
Grunnleggjar(ar)Takeshi Mitarai
Nettstadhttp://www.canon.com
Canon EOS 350D, eit av dei digitale spegelreflekskameraa til Canon.

Canon (offisielt japansk namn キヤノン) er eit japansk føretak som spesialiserer seg i produkt i bilde og optikk, blant anna kamera, kopieringsmaskinar og skrivarar. Hovudkontoret ligg i Tokyo.

Firmaet blei grunnlagt i 1933 med namnet 精機光学研究所 (Seiki-kougaku-kenkyuujo eller «Precision Optical Instruments Laboratory»)[1] av Yoshida Goro og svigerbroren Uchida Saburo, finansiert av Saburo sin nære venn Takeshi Mitarai. Grunnoppgåva var å utvikle kamera av god kvalitet. I juni 1934 slapp dei det fyrste kameraet sitt, Kwanon, døpt etter Guan Yin, miskunngudinna i buddhismen. Året etter endra dei til ein meir moderne versjon av namnet, Canon.

Canons fyrste kamera var klonar av Leicas «threadmount»-målsøkekamera. Dei fylgde nøye Leica-spesifikasjonane for «threadmount»-objektivet (M39) men la til eigne oppfinningar som ein kombinert søkar/målesøkar med justerbar forstørring. I byrjinga hadde ikkje Canon sin eigen fabrikk til optikk, men brukte objektiv produsert av Nikon. Men snart begynte dei likevel å lage sine eigne objektiv under merket Serenar. Desse er den dag i dag populære blant brukarar av Canon- og Leica-målsøkarkamera.

Canons hovudkonkurrentar er blant andre Nikon, Konica Minolta, Leica, Pentax, Olympus, Sony, Epson, Kodak og Hewlett-Packard.

  1. «The History of Canon», Canon Global (på engelsk), henta 26. september 2022