Col de la Madeleine
Utsjånad
Col de la Madeleine | |||
---|---|---|---|
Nordsida av Col de la Madeleine | |||
Nord | Sør | ||
Passhøgd | 1 993 m | ||
Departement | Savoie, Frankrike | ||
Stader | Aigueblanche | La Chambre | |
Samband | Passveg | ||
Vinterstengt | Frå november til starten av juni | ||
Fjellområde | Dei franske Alpane | ||
Profil | |||
Klatrekategori | HC | HC | |
Stigning (snitt) | 5,4 % (1 465 m / 28,3 km) | 8,0 % (1 547 m / 19,3 km) | |
Kart | |||
| |||
Koordinatar | 45° 26′ 7″ N, 6° 22′ 32″ AKoordinatar: 45° 26′ 7″ N, 6° 22′ 32″ A |
Col de la Madeleine er eit 1 993 meter høgt alpepass i Département Savoie i regionen Rhône-Alpes, Frankrike.
Passet knyter saman landsbyen La Chambre i Maurienne-dalen med landsbyane Aigueblanche og Feissons-sur-Isère i Tarentaise. Stigninga opp frå La Chambre er 19,3 kilometer lang med ein snittgradient på 8,0 %. Nordsida opp frå Aigueblance er 28,3 kilometer lang og har ein snittstigning på 5,4 %.
Col de la Madeleine har stått på Tour de France-programmet 23 gonger, første gong i 1969, siste gong så langt under 9. etappe i 2010. Passet blir klassifisert som ein Hors catégorie stigning.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Kristian Bauer, Roadbook Tour de France, Bruckmann Verlag 2006
- Peter Leisl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004