County Offaly
Utsjånad
Offaly | |||
Uíbh Fhailí | |||
county | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Provins | Leinster | ||
Hovudstad | Carlow | ||
Areal | 2 001,0 km² | ||
Folketal | 78 003 (2016) | ||
Bilnummer | CW | ||
County Offaly 53°15′N 7°30′W / 53.25°N 7.5°W | |||
Kart som viser County Offaly.
| |||
Wikimedia Commons: County Offaly |
County Offaly (irsk Contae Uíbh Fhailí eller berre Uíbh Fhailí )[1] er eit grevskap i Republikken Irland sentralt på Irland i provinsen Leinster.
Opphavleg utgjorde grevskapet Kongedømet Uí Failghe og det vart gjort til grevskap i 1556 av Maria I av England, og vart opphavleg kalla King's County («Kongen sitt grevskap») etter Kong Filipp II av Spania. Hovudbyen var Daingean fram til 1800-talet.
County Offaly grensar til Westmeath i nord, Roscommon, Galway og Tipperary i vest, Laois i sør og Kildare og Meath i aust.
I den sørlege delen av grevskapet ligg fjellkjeda Slieve Bloom, og i den nordvestlege delen ligg flaumsletta til Shannonelva, medan resten av området består av store myrområde, som Bog of Allen and Boora Bog.
Byar i Offaly
[endre | endre wikiteksten]- Tullamore (hovudby)
- Ballinagar, Ballyboy, Banagher, Birr
- Cadamstown, Clara, Cloghan, Cloneygowan, Clonbullogue
- Clonmacnoise, Crinkill, Croghan Hill
- Daingean
- Edenderry
- Ferbane
- Geashill
- Horseleap
- Kilcormac, Killeigh, Killoughey, Kinnitty
- Moneygall, Mountbolus
- Portarlington (halvparten ligg i County Laois, elva Barrow dannar grensa)
- Rahan, Rhode
- Shannonbridge, Shannon Harbour, Shinrone
- Walsh Island
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Uíbh Fhailí». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 26. november 2024.
- Denne artikkelen bygger på «County Offaly» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.