[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Øystein Grødum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øystein Grødum

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. februar 1977 (47 år)
Arendal
Yrke skøyteløpar
Høgd 193 centimeter
Ektefelle Marit Fiane Christensen
Øystein Grødum på Commons

Øystein Grødum (fødd 15. februar 1977) er ein norsk skøyteløpar. Han representerer Arendal Skøiteklubb.

I 2004 vart han nr. 5 på 10 000 m i VM enkeltdistansar, og sesongen etter var han nærast uslåeleg i verdscupen på dei lengste distansane. Han var favoritt på 5000 m og særleg på 10 000 m før VM i Inzell i 2005, men vart sjuk og stilte ikkje til start. I 2005 tok han ein 8. plass samanlagt både i EM og VM.

Grødum vart noregsmeister på 10 000 m i 2001 og på 5000 m i 2005.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]