Østerdalen
Østerdalen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Østerdalen 61°34′33″N 11°05′14″E / 61.575916666667°N 11.087111111111°E |
Østerdalen, av og til Østerdalene, er eit dalføre og distrikt som ligg i Hedmark i Innlandet fylke. Østerdalen omfattar elvedalen utskoren av Glåma frå nordgrensa til Hedmark fylke og sørover til Elverum. Sør for Elverum kallast dalføret Glåmdalen.
Dei største sidedalane er Rendalen, Folldal og Atndalen. Østerdalen er dei fleste stader temmeleg brei, og blir rekna som Sør-Noregs største dalføre.
Dalen var tidlegare delt i to futedøme som framleis er brukt som regionsnemningar, Sør-Østerdal og Nord-Østerdal. I dag femner Østerdalen kommunane Rendalen, Engerdal, Alvdal, Folldal, Tynset, Tolga, Os, Elverum, Trysil, Åmot og Stor-Elvdal.
Distriktet Østerdalen omfattar òg sidedalane og Kvikne, Engerdal og Trysil, som ikkje har avløp til Glåma. Østerdalen er prega av rolege landskapsformer og avrunda fjell. Dalføret er for det meste dekt av furuskog. Typisk for Østerdalen er at store delar av skogbotnen er dekt av reinlav, særleg arten kvitkrull.
Østerdalen har eit samla areal på 19 389 kvadratkilometer med 50 122 innbyggarar (1. juli 2009), fordelt på elleve kommunar (sjå under).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Østerdalen var tidleg folkesett av samar, som mellom anna levde av elgjakt. Norrøne bønder kom til i laupet av jernalderen. Dei fortrengde etterkvart samane, som gjekk over til å livnæra seg ved reindrift.[1]
Regionale inndeling
[endre | endre wikiteksten]Østerdalen vert ofte delt inn i Sør-Østerdal, med Elverum som sentrum, og Nord-Østerdal, med Tynset som sentrum.
Geistleg inndeling
[endre | endre wikiteksten]- Sør-Østerdal prosti: Åmot, Elverum, Stor-Elvdal, Trysil og Engerdal.
- Nord-Østerdal prosti: Rendalen, Alvdal, Folldal, Tynset, Tolga og Os.
Begge desse prostia ligg under Hamar bispedømme.
Judisiell inndeling
[endre | endre wikiteksten]- Sør-Østerdal tingrett: Elverum, Åmot og Trysil.
- Nord-Østerdal tingrett: Rendalen, Stor-Elvdal, Alvdal, Folldal, Tynset, Tolga, Os og Engerdal.
Begge desse tingrettane ligg under Eidsivating lagdømme.
- Sør-Østerdal regionråd: Elverum, Åmot, Stor-Elvdal, Trysil og Engerdal.
- Fjellregionen: Rendalen, Tynset, Alvdal, Folldal, Tolga og Os, i tillegg kjem Røros i Sør-Trøndelag fylke.
Tidlegare sivil inndeling
[endre | endre wikiteksten]- Søndre Østerdalens fogderi: Elverum, Åmot, Stor-Elvdal og Trysil.
- Nordre Østerdalens fogderi: Rendalen, Alvdal, Folldal, Tynset, Tolga, Os og Engerdal.
Begge desse fogderia låg under Hedemarkens amt.
Samferdsel
[endre | endre wikiteksten]Østerdalen er ei hovudferdselsåre mellom Oslo og Trondheim med både veg (Riksveg 3) og jernbane (Rørosbanen).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Samisk jernalder i Østerdalen». forskning.no. 14. januar 2008. Henta 14. mai 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- osterdalen.org Arkivert 2016-05-03 ved Wayback Machine.
- fjellregionen.no