[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Vassfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 17. november 2009 kl. 19:01 av Roarjo (diskusjon | bidrag) (Avosettar>Avosettfamilien)
Amerikasaksenebb,
Rynchops niger

Vassfuglar er fuglar som i lengre eller kortare periodar er knytt til vatn eller våtmark.[1] Såleis vil vassfuglar òg femne om fuglar som i somme tilfelle blir kalla våtmarksfuglar. Omgrepet vassfugl er mykje brukt i forvaltinga[2], men det finst få, om nokon, meir spesifikk definisjon av omgrepet på norsk språk, og dei som finst om det motsvarande omgrepet på engelsk språk, 'waterbird', er ofte mykje ulike og vilkårlege. Ein definisjon frå U.S. Geologigal Survey inkluderer fire hovudgrupper i omgrepet 'waterbird'. Desse er pelagiske sjøfuglar, kystbundne sjøfuglar, fuglar som vadar slik som hegrar, og andre fuglar knytt til ferskvatn og våtmark slik som lommar og dykkarar.[3] Wetlands International gjev eit meir spesifikt oversyn med eit globalt omfang, dei tar med kystbundne sjøfuglar, men utelet dei pelagiske sjøfuglane som pingvinar, joar, stormfuglar og alkefuglar.[4] [5]

Innanfor miljøvernarbeid og naturforvalting har vassfuglar fått merksemd fordi fuglane er sårbare ovanfor endringar i miljøet. Somme vassfuglar som òg er trekkfuglar møter vanskar under trekk når miljøendringar har innskrenka våtmarksområde som kvile og beiteplassar i trekkruta.[6] Vassfuglar med spesielle hekkehabitat som åkerrikse får redusert hekkeområde etter bruksomlegging i jordbruket.[7] Eit mykje kjent miljøproblem er akutte overflateutslepp på vatn som skader fjørdrakta på sjøfugl og andre vassfuglar.[8]

Liste over familiar av vassfuglar[4]





Kjelder

Fotnotar

  1. Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nettet hos Dokumentasjonsprosjektet dokpro.uio.no
  2. Søk etter dokument om vannfugl hos til dømes Direktoratet for naturforvaltning
  3. http[://www.pwrc.usgs.gov/cwb/whatis/ Nettside hos U.S. Geologigal Survey]
  4. 4,0 4,1 Wetlands International. 2006. Waterbird Population Estimates – Fourth Edition. Wetlands International, Wageningen, The Netherlands
  5. African-Aurasian Waterbird Agreement (Avtalen om vassfuglar i Europa under Bonnkonvensjonen om trekkande artar ) listar artar i avtalen, artslista følgjer i grove trekk den meir globale lista til Wetlands International
  6. Folloavis på nett, artikkel om natturreservata Rullestadtjern, Midtsjøvann og Nærevann, lest 3. september 2009
  7. Artikkel om åkerrikse i Norsk Fugleatlas hos NOF sin nettstad, lest 3. september 2009
  8. Norsk institutt for naturforskning, Tverrsektoriell vurdering av konsekvenser for sjøfugl, side 5, 2008, lest 3. september 2009

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Vassfuglar
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.