[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Fuglekonge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. mai 2022 kl. 18:53 av Tholme (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Fuglekonge
Fuglekonge i Storbritannia Foto: Francis C. Franklin
Fuglekonge i Storbritannia
Foto: Francis C. Franklin
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Fuglekonge
Utbreiinga av Fuglekonge
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Regulidae
Slekt: Fuglekongar Regulus
Art: Fuglekonge R. regulus
Vitskapleg namn
Regulus regulus

Fuglekongen (Regulus regulus) er minste fuglen i Europa, og veg mellom 4,5 og 6 gram. Det latinske namnet Regulus, 'liten konge', heng truleg saman med at hannen har ei oransjegul stripe på issen, ei «kongekrone» som syner godt når fjøra på hovudet reiser seg som ein topp. Fuglekongen høyrer til fuglekongefamilien, Regulidae.

Fjørdrakta er gulgrøn, med litt svart og litt kvitt på vengene. Hannen har gul og oransje isse med svarte kantar, medan hoa har gul isse. Nebbet er kort og spisst og blir brukt til å plukka insekt frå borken av tre. Fuglekongen kan bli opptil 3 år og 4 mnd. etter ringmerking.[1]

Songen er ein spinkel og einsformig strofe som nesten ikkje kan høyrast når andre fuglar syng. Under songen reiser fuglekongen hovudfjørene, og då ser ein hannen si oransjefarga issefjør som er kanta av to svarte striper.

Fuglen hekkar i mars–april. Hoa legg 8– 11 egg som blir klekte etter 14— 17 døgn. Dei dreg frå reiret etter om lag tre veker.

Reiret byggjer fuglen vanlegvis høgt oppe i eit grantre. Det er korgforma, og heng på undersida av ei grein, godt skjult (sjå bilde). Reiret er svært vanskeleg å oppdage, men her er eit tips: Veit du om lag kvar fuglen byggjer reir, kan du legge ut nokre fine fjør og dun i området og spionere på fuglekongen i byggjeperioden. Han vil nok bruke det du har lagt ut, og du finn reirplassen.

Fuglekongen er ein aktiv og selskapeleg fugl. Han lever i små flokkar, ofte saman med meisar. Han flyg frå tre til tre og leiter etter mat medan han held kontakten med andre fuglar i flokken med tynne pip. I meisetoga finn fuglekongen og svartmeisa maten i ytre delen av greinene medan dei større artane finn føda lengre inne.

Fuglen et edderkoppar, insekt som spretthalar og bladlus, larvar og insektegg som han plukkar frå greiner og bork oppe i tretoppane. Også kokongar frå leddyra vert etne. I sjeldnare tilfelle et han pollenkorn. Måten han flyg på minner litt om ein kolibri — han kan nemleg halda seg flygande framfor ei grein i fleire sekund.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fuglekonge
  1. Norsk RingmerkingsAtlas