[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Waikanae (engelsk uttale /ˌwkəˈn/, maoriuttale [ˈwaikaˈnaɛ]) er ein by på kysten av New Zealand, i området kjent som Kapiti Coast. Namnet er maori og tyder 'vatn' (wai) 'av multen'.[1]

Waikanae
by
Land  New Zealand
Folketal 13 850  (2021)
Kart
Waikanae
40°52′34″S 175°03′50″E / 40.876°S 175.064°E / -40.876; 175.064
Wikimedia Commons: Waikanae

Byen ligg rundt 6 mil nord for hovudstaden Wellington, mellom Paraparaumu, som ligg åtte kilometer sørvest for byen, og Ōtaki, som ligg 15 kilometer nordaust.

Det finst ein annan busetnad med liknande namn, Waikanae Beach i nærleiken av Gisborne på austkysten av Nordøya.

Geografi

endre

Waikanae ligg i eit ope dyrka landskap og skog mellom Tasmanhavet og Tararuafhella. Saman med nabobusetnaden Waikanae Beach er byen eit roleg område busett av småbarnsfamiliar og pensjonistar. Like nord for Waikanae ligg den vesle bygda Peka Peka.

Området rundt byen er kjenneteikna av den 5 kilometer lange stranda si og den vide elvemunningen vend mot Kapiti Island, som ligg fire kilometer ut i Tasmanhavet. Kapiti Island Nature Reserve omfattar Waikanae Estuary Scientific Reserve. Langdistanse-fotturruta Te Araroa går gjennom Waikanae.

Vatna mellom Waikanae Beach and Kapiti Island omfattar Kapiti Marine Reserve, der ein frå tid til annan kan sjå kvalar og hektordelfinar som migrerer gjennom det tronge sundet. I innlandet, forbi Waikanae, ligg Hemi Matenga Reserve, Tararua Ranges og Akatarawa-dalen der det ligg ein naturpark, Staglands Wildlife Reserve & Cafe. Ein veg som går mellom dalen og over Akatarawa Saddle dannar eit samband med Hutt Valley via Reikorangi og Cloustonville. Mange av kjeldene til Waikanae-elva renn saman her i Reikorangi Basin. Deretter renn elva gjennom ei opning i åsane og gjennom kystsletta og sanddyenen til havet.

 
Waikanae-elva

Før ho blei folkesett bestod kystsletta ved Waikanae av våtmark av eit kompleks mønster av naturleg vassfar og skogområde med kohekohe. Våtmark er framleis ein viktig naturleg del av regionen, men utbygginga av ei rekkje privathagar har ført til at Waikanae har eit av dei høgaste nivåa av vassbruk per person i New Zealand. Den einaste vasskjelda er den same som den til Waikanae-elva, og sesongmessig vassmangel i dei varmare månadane er blitt eit aukande problem i området.[2]

Klima

endre

Tararua-kjeda skjermar Waikanae frå sør og aust, og Kapitiøya skjermar han frå vest. Staden unngår dermed dei sterke vindane og sotrmane frå området rundt Cooksundet. Dei grunne djupnene ved Waikanae-stranda gjev høgare vasstemperaturar enn ein finn i dei djupare vatna ved Wellington harbour i sør. Den rådande vindretninga er frå nordvest, noko som driv regnskyer innover i landet til åskjeda, slik at ein får mykje nedbør om vinteren og våren.[3]

Fugleliv

endre

På Waikanae-stranda finst terner, måkar, tjeld og stylteløparar. Våtmarksområde i innlandet gjev ly til pukeko, rikse og maoridukkar. Hegrar, tuihonningetar og skarv held til langs kystsletta.[4] Tilgangen på både fuglar og sjømat trakk tidlege maoriar til å slå seg ned i området. Innførte artar som ender og svarte svaner har også etablert seg med suksess gjennom det siste hundreåret.

Hemi Matenga Memorial Scenic Reserve

endre

Bakom Waikanae ligg eit skogkledd reservat på 330 hektar, Hemi Matenga Reserve, på ei åsside med utsyn mot byen. Skogen går opp til 514 moh., og omfattar ein av dei mest omfattande kohekohe-skogane som er att på New Zealand. Reservatet har namn etter den tidlegare eigaren sin, Hemi Matenga Waipunahau frå Ngati Toa,[5] som døydde i 1912. Det går fleire gangstiar gjennom reservatet,[6] som dannar ei fortsetjing av Tararuafjella.

 
Waikanae sett frå Hemi Matenga Reserve.

Historie og kultur

endre

Arkeologisk og etnografisk forsking tyder på at Waikanae fyrst kan ha blitt folkesett av moa-jegarar så tidleg som for tusen år siden.[7] Påfølgjande bølgjer av busetjarar frå iwiane Ngati Apa, Rangitane og Muaupoko gjorde at området har halde fram med å ei viktig historisk og mytologisk tyding for maoriar på New Zealand.

I 1824 gjekk ein styrke på 2000-3000 krigarar frå kystiwiar i land på Waikanae Beach. Dei var samla for å ta Kapiti-øya frå Ngāti Toa under leiinga til Te Rauparaha. Etter å ha kryssa sundet i ein flåte av waka-kanoar i mørkret blei angriparane møtte og overvunne då dei gjekk i land på nordsida av Kapiti.[8]

 
Tangien for minister Wi Parata blei halden ved Waikanae Marae i 1906.

Marae

endre

Whakarongotai Marae ligg i Waikanae. Dette er ein marae, eller maorimøtestad, for Te Atiawa ki Whakarongotai, og omfattar Whakarongotai eller Puku Mahi Tamariki wharenui (møtehus).[9][10]

Folkesetnad

endre

Waikanae er definert av Statistics New Zealand som eit middels urbant område og dekkjer 29,61 kvadratkilometer (11,43 sq mi).[11] Det hadde eit estimert folketal på 13 850 i juni 2021, med ein folketettleik på 467,59 folk per km2.

Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
2006 10 563
2013 11 106 +5,1 %
2018 12 711 +14,5 %

Ved folketeljinga i 2018 var 90,9 % europearar/pākehā, 9,2 % maoriar, 2,1 % stillehavsfolk, 4,5 % asiatar og 2,0 % andre folkegrupper (totalt meir enn 100 % sidan ein kunne oppgje meir enn ein etnisitet).

Samfunnstilbod

endre

Sentrale Waikanae Village omfattar to supermarknadar, tre bankar,[12] eit helsesenter, tre apotek, formings- og kunstbutikkar, ein postbutikk, ein krigsminnehall, eit mindre samfunnshus, Kapiti Coast Museum, ei kyrkje, eit bibliotek, ein kino og fleire andre butikkar, restaurantar og verksemder. I nærleiken ligg Ngā Manu Nature Reserve, to barneskular, ein golfbane, ein bowlingklubb, Waikanae Park rugby og cricketområde, og fleire pensjonistsenter.

Mahara Gallery er eit kunstgalleri som opna her i 1996.[13][14]

Byen ligg ved State Highway 1 og jernbanelinja North Island Main Trunk. I februar 2017 blei det opna ei omkøyring[15] som gjorde at State Highway 1 kunne omgå bysentrum.

Byen er det nordlege endepunktet for Kapiti Line på Metlink-linja. Denne tenesta har vore verksam sidan februar 2011, med den nyleg gjenoppbyggde Waikanae jernbanestasjon.

Kjelder

endre
  1. «1000 Māori place names». New Zealand Ministry for Culture and Heritage. 6 August 2019. 
  2. Chris MacLean and Joan Maclean, page 121 "Waikanae", ISBN 978-0-473-16597-0
  3. Chris Maclean and Joan Maclean, pages 145-146 "Waikanae", ISBN 978-0-473-16597-0
  4. Chris Maclean and Joan Maclean, page 217, "Waikanae", ISBN 978-0-473-16597-0
  5. N.Z. Department of Conservation publication "Hemi Matenga Memorial Park Scenic Reserve"
  6. Ombler, Kathy (2001). Walking Wellington. s. 153–157. ISBN 1-87724-647-6. 
  7. Chris Maclean and Joan Maclean, page 18, "Waikanae", ISBN 978-0-473-16597-0
  8. Chris Maclean, p.113, "Kapiti", ISBN 0-473-06166-X
  9. «Te Kāhui Māngai directory». tkm.govt.nz. Te Puni Kōkiri. 
  10. «Māori Maps». maorimaps.com. Te Potiki National Trust. 
  11. «ArcGIS Web Application». statsnz.maps.arcgis.com. Henta 20 May 2021. 
  12. «Grey backlash to proposed Westpac closure in Waikanae where median age is 62 | Stuff.co.nz». 
  13. Haxton, David (16 February 2017). «Mackays to Peka Peka Expressway north of Wellington opens». nzherald.co.nz (via Kapiti News). Henta 17 February 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre