[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Erik Staffan Olsson (fødd 26. mars 1964 er ein svensk handballtrenar og -spelar frå Uppsala. Omframt to VM-gull og fire EM-gull, sanka Olsson tre OL-sølv, to VM-sølv og like mange VM-bronsar. Han var vanlegvis høgre rykkromspelar.

Staffan Olsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 26. mars 1964 (60 år)
Uppsala
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Karriere

endre

Klubbspel

endre

Olsson spelte mange sesongar på Stockholms-laget Cliff. 1989-91 var han aktiv i tyske Hüttenberg, vende så tilbake til Cliff. Få 1992 til 2003 gjorde han teneste for tyske lag, fyrst Niederwürzbach og frå 1996 for topplaget THW Kiel. Med Niederwûzbach kom han to gongar på sølvplass i bundesligaen, medan han som Kiel-spelar vann bundesligaen i fire av sju sesongar. Dei tre siste åra før han la opp i 2006, spelte han på Hammarby sitt lag i heimlandet. Med unnatak for ei kort tid i spanske Ademar León i 2004.

Landslagsspel

endre

Hausten 1986 debuterte Olsson i landskamp mot Noreg i Trondheim. Fram til 2004 deltok Olsson i 358 av Sverige sine landskampar og skåra 855 mål. Åra frå 1990 var han med å vinne gull i VM 1990, sølv i Sommar-OL 1992, gull i EM 1990, bronse i VM 1993 og VM 1995, sølv i Sommar-OL 1996, bronse i VM 1997, gull i EM 1998, VM 1999 og EM 2000, sølv i Sommar-OL 2000 og EM 2002. Han vert særleg hugsa for si utlikning mot Tyskland i sluttsekunda under EM-finalen 2002 i Globen i Stockholm. Målet sikra Sverige ekstraomgangar i kampen, og deretter siger.

Trenar

endre

Olsson har vore sjefstrenar i Hammarby, og svensk landslagssjef 2008-16 i spann med Ola Lindgren. Sidan 2022 er han landslagsjef for Nederland.

Merittar

endre
  • VM 1990: Gullmedalje, 27-23 mot Sovjetunionen
  • Sommar-OL 1992: Sølvmedalje, 20-22 mot «Sovjetunionen»
  • VM 1993: Bronsemedalje, 26-19 over Sveits
  • EM 1994: Gullmedalje, 34-21 over Russland
  • VM 1995: Bronsemedalje, 26-20 mot Tyskland
  • Sommar-OL 1996: Sølvmedalje, 26-27 mot Kroatia
  • VM 1997: Sølvmedalje, 21-23 mot Russland
  • EM 1998: Gullmedalje, 25-23 mot Spania
  • VM 1999: Gullmedalje, 25-24 mot Russland
  • Sommar-OL 2000: Sølvmedalje, 26-28 mot Russland
  • EM 2000: Gullmedalje, 32-31 mot Russland
  • VM 2001: Sølvmedalje, 25-28 mot Frankrike
  • EM 2002: Gullmedalje, 33-31 mot Tyskland
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1998 og 2002 med THW Kiel
  • Finaletap i EHF-meisterligaen: 2000 med THW Kiel
  • Tysk ligameister: 1998, 1999, 2000 og 2002 med THW Kiel
  • Tysk pokalvinnar: 1998, 1999 og 2000 med THW Kiel

Kjelder

endre