[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Sjenkursk (russisk Шенку́рск) er ein by i Arkhangelsk oblast i Russland på høgre sida av elva Vaga. Han har om lag 6000 innbyggjarar.

Sjenkursk
Шенкурск
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Sjenkursk
Byvåpenet til Sjenkursk


Plassering
Sjenkursk is located in Russland
Sjenkursk is located in Arkhangelsk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Arkhangelsk oblast
Først nemnd i
Bystatus
1229
1780
Geografi
Flatevidd
 - By

4 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

5 781
  1 445,3 /km²
Koordinatar 62°06′N 42°54′E / 62.100°N 42.900°E / 62.100; 42.900
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 165160
Retningsnummer (tlf) +7 81851
Bilnummer 29

Sjenkursk vart først nemn i skriftlege kjelder i 1229. Ivan den grufulle kalla staden Vaga og inkluderte det i sin opritsjnina. Staden bestod på den tida av eit tømmerfort og var bustad for lokale biskopar.

Fjodor I av Russland gav Sjenkursk til svigerbror sin, Boris Godunov, som testamenterte han til sin eigen svigerson, Johan av Schleswig-Holstein. Romanovane gav distriktet til prins Dmitrij Trubetskoj som hans vottsjina. Då han døydde gjekk byen tilbake til krona. I 1640–1643 gav tsaren ordre om at ei ny festning skulle byggast i Sjenkursk. Katarina den store gav Sjenkursk bystatus i 1780.

Kjelder

endre
Spire  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.