Skei i Jølster
Skei er ein tettstad i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Fram til 2020 var det kommunesenteret i tidlegare Jølster kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 517 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved austenden av Jølstravatnet
Skei | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sunnfjord | ||
Areal | 0,56 km² | ||
Folketal | 517 (2023) | ||
Folketettleik | 923 / km² | ||
Postnummer | 6843 SKEI I JØLSTER | ||
Innbyggjarnamn | skeissar | ||
Preposisjon | på Skei | ||
Ferdselsårer | E39 | ||
Skei i Jølster 61°34′19″N 6°28′53″E / 61.571944444444°N 6.4813888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Skei |
Ein person frå Skei vert kalla skeissar (uttalt noko liknande sjæssar).
Skei er ein møtestad for det meste av kollektivtrafikken som går gjennom Sogn og Fjordane, sidan «alle vegar går gjennom Skei». Vegkrysset i Skei sentrum samlar mange av dei mest trafikkerte vegane i fylket.
Føretaket Audhild Vikens Vevstove, som spesialiserar seg på sal av tradisjonelt norsk handverk og suvenirar til turistar har opphav på Skei, der Audhild Viken kom frå.
Tidlegare Heimevernsdistrikt 10 hadde hovudkontoret sitt på Skei.
Kjende skeissarar
endre- Eli Anne Dvergsdal, noregsmeister i 3000 meter og motbakkelaup[1]
Kjelder
endre- ↑ Synne Sofie Christiansen (15. oktober 2019). «NM i terrengløp 2019». db.no.