[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Robert Hooke

britisk astronom og arkitekt

Robert Hooke (27. juli 16353. mars 1703) var ein engelsk fysikar og matematikar.

Robert Hooke

Robert Hooke måla av ein kunstnar. Det finst ingen teikningar eller måleri av Hooke frå då han levde, så ingen veit sikkert korleis han såg ut.
Fødd18. juli 1635
FreshwaterIsle of Wight i England
Død3. mars 1703 (67 år)
London i England
NasjonalitetEngelsk
Områdemekanikk, fysikk, kjemi, biologi, arkitektur, astronomi, landmåling, matematikk, materialvitskap
Yrkearkitekt, astronom, fysikar, dagbokskrivar, universitetslærar, filosof, oppfinnar, biolog, naturvitar
InstitusjonarRoyal Society
Gresham College
City of London Corporation
Robert Boyle
Alma materChrist Church i Oxford
DoktorgradsrettleiarThomas Willis
Robert Boyle
Christopher Wren
Kjend forHooke-lova
Mikroskopi
nytta ordet 'celle'
InfluerarRichard Busby
MedlemRoyal Society

Han var professor i geometri ved Gresham College frå 1665. Han fann opp lommeuret og gav i 1665 ut eit optisk arbeid, Micrographia, der han skildrar sine observasjonar med eit forbetra samansett mikroskop. Her finst dei første skildringar av plantene sine celler. Hooke gjorde òg ei rekkje forbetringar ved astronomiske instrument og konstruerte den første reknemaskinen. Han utførte ei mengd fysiske undersøkingar over fall-lova, pendelen, interferensfarger i tynne hinner, faste lekamar sine elastiske tilhøve og mykje meir.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  • «Robert Hooke» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.