[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Vulkan (fransk Vulcain) var ein hypotetisk planet som i teoriar vart plassert mellom Merkur og Sola for å kompensere for uregelvissa i planetbanen til Merkur. Observasjonar av Merkur viste at han ikkje oppførte seg slik ein forventa ut frå Newtons gravitasjonslov, og den franske matematikaren og astronomen Urbain Jean Joseph Le Verrier føreslo i 1859[1] at det kunne vere ein uobservert planet som kunne verke inn på Merkur. Det viste seg seinare at den uventa banen til Merkur lét seg forklare med Einsteins nye generelle relativitetsteori (1915), og teorien om Vulkan vart lagd bort.

Framstilling av solsystemet frå 1846 som viser den hypotetiske planeten Vulkan.

Referansar

endre
Spire  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.