Nordli
tidlegare kommune i Nord-Trøndelag fylke i Noreg
Nordli er ein tidlegare norsk kommune, no ein del av Lierne kommune i Nord-Trøndelag.
Nordli var ein del av Lierne fram til denne blei delt i Nord- og Sørli kommunar 1. juli 1915. Lierne var i sin tur skilt ut frå Snåsa kommune 1. januar 1874.
Då Nordli blei etablert som eigen kommune hadde han 863 innbyggjarar.
1. januar 1964 blei Nordli og Sørli slått saman igjen til dagens Lierne kommune. Ved samanslåinga hadde Nordli 1 147 innbyggjarar.