[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Monica Mæland

norsk advokat og politikar

Monica Mæland (fødd 6. februar 1968)[1] er ein norsk politikar frå Høgre. Ho var næringsminister i regjeringa Solberg frå 2013 til 2018,[2] kommunal- og moderniseringsminister frå 2018 til 2020, og justisminister frå 2020.[3]

Monica Mæland

Monica Mæland i 2013.
Foto: Nina Aldin Thune
Fødd6. februar 1968 (56 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
YrkeAdvokat
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
MorÅshild Myreng
FarOtto Helge Mæland
VervNorsk justisminister 24. januar 2020–
FøregangarJøran Kallmyr
VervNorsk kommunal- og moderniseringsminister 17. januar 2018– 24. januar 2020
FøregangarJan Tore Sanner
EtterfylgjarNikolai E. Astrup
VervNorsk næringsminister 17. oktober 2013–17. januar 2018
FøregangarTrond Giske
EtterfylgjarTorbjørn Røe Isaksen
VervLeiar av byrådet i Bergen 27. oktober 2003–17. oktober 2013
FøregangarAnne-Grete Strøm-Erichsen
EtterfylgjarRagnhild Stolt-Nielsen
VervLeiar av Hordaland Høgre 16. mars 2002–20. mars 2004
FøregangarØyvind Halleraker
EtterfylgjarNils Marton Aadland
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2001–2005)
  • Bergens byrådsleder (2003–2013)
  • Norges næringsminister (2013–2018)
  • Norsk kommunalminister (2018–2020)
  • Norsk justisminister (2020–2021) Sjå dette på Wikidata

I perioden 2003–2013 var Mæland byrådsleiar i Bergen, og sidan 2010 er ho medlem av arbeidsutvalet i Høgres Hovudorganisasjon.

Bakgrunn

endre

Monica Mæland er fødd i Bergen og oppvaksen i Arendal. Ho er utdanna cand. jur. frå Universitetet i Bergen (1994), og dreiv eigen advokatpraksis fram til ho vart kommunalråd i Bergen i 1999. Ho er gift med Tom Schmidt Mæland, og saman har dei to barn.

Politisk karriere

endre

Mæland vart innvald i Bergen bystyre i 1999, og var medlem av bystyret fram til ho vart byrådsleiar i 2003. Det første byrådet hennar vart vald av Bergen bystyre 27. oktober 2003, og var eit mindretalsbyråd samansett av Høgre, KrF og Venstre. 29. oktober 2007 danna ho eit fleirtalsbyråd samansett av Høgre, KrF og Framstegspartiet.

 
Dronning Sonja (i midten) gjekk saman med byråd for miljø og byutvikling Lisbeth Iversen (til venstre) og byrådsleiar Monica Mæland (til høgre) inn på bybanevogn nr. 205 klokka 12.05 den 22. juni 2010.
Foto: Jonny Eriksen

Mæland er den andre byrådsleiaren i Bergen etter at byen innførte parlamentarisme som styreform i 2000. Ho er med dét også den einaste byrådsleiaren som har vunne attval.

Frå 16. mars 2002 til 20. mars 2004 var Monica Mæland leiar i Hordaland Høgre. Før det var ho første nestleiar frå 17. februar 1997.

9. mai 2010 vart Mæland vald inn i arbeidsutvalet i Høgres Hovedorganisasjon.

Politiske saker

endre

Kommuneøkonomi

endre

I 2003 gjekk Bergen Høgre til val med opprydding i kommuneøkonomien som viktigaste sak. Partiet lova å betale ned det oppsamla underskotet til kommunen i løpet av fireårsperioden. Då det første byrådet til Mæland overtok i 2003 viste prognosane at kommunen ville ha eit oppsamla underskot på nær éin milliard kroner.[4]

I det første budsjettet til Mæland I-byrådet vart det kutta 142 millionar kroner i kommunen sitt driftsbudjett for 2004.[5]

Etter to år kunne byrådet legge fram ein rekneskap for 2005 som viste eit driftsoverskot på 445 millionar kroner[6]. Rekneskapen for 2006 viste eit overskot på 619 millionar kroner, det største overskotet i historia til Bergen kommune.[7]

I 2007 var det oppsamla underskotet nedbetalt[8], og 13. august 2007 kunngjorde Fylkesmannen i Hordaland at Bergen kommune vart fjerna frå ROBEK-lista til Kommunal- og regionaldepartementet.[9]

Bybana i Bergen

endre

Bygginga av Bybana i Bergen er ein del av samferdslepakka Bergensprogrammet, og det største samferdsleprosjektet innanfor kommunegrensene til Bergen kommune nokon gong. Bergensprogrammet vart vedteke av Bergen bystyre i 1999, med støtte frå Høgre, Ap og KrF. Bergensprogrammet vart teke inn i Nasjonal Transportplan i 2002.

Det første Mæland-byrådet sendte til Stortinget bompengesøknad for finansiering av det første trinnet av Bergensprogrammet, og arbeidet starta i januar 2008. Bybana vart opna av HM Dronning Sonja 22. juni 2010.[10]

I april 2009 sende Mæland II-byrådet søknad om vidare finansiering av Bergensprogrammet, og med dette den neste bybanetraseen, frå Nesttun til Rådal.[11]

Oppussing av skulebygg

endre

Før valet i 2007 erklærte Monica Mæland at skule skulle vere den viktigaste saka for Høgre i den følgjande valperioden.[12] Mæland II-byrådet sette av 415 millionar kroner til oppussing av skulebygg i Bergen i 2009 og 2010.[13]

Kjelder

endre
  1. Monica Mælands Curriculum Vitae (pdf-fil) Arkivert 2011-07-16 ved Wayback Machine., Bergen kommune, 7. desember 2007
  2. «Næringsminister Monica Mæland (H)». Regjeringa. Henta 3. juni 2017. 
  3. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 19. januar 2018. 
  4. Gir til de små, tar fra de eldre[daud lenkje], Bergens Tidende, 23. september 2003
  5. Byrådet slakter kjepphestene, Bergens Tidende, 2. desember 2003
  6. 445 millioner i pluss for Bergen, Bergens Tidende, 12. februar 2006
  7. Vest er verst i kommuneøkonomi, Bergens Tidende, 3. august 2007
  8. Friele vil male Høyre grønt, Bergens Tidende, 4. mai 2007
  9. Ikke lenger svartelistet, Bergens Tidende, 13. august 2007
  10. Bybanekontoret Arkivert 2011-07-22 ved Wayback Machine., Bybanekontoret i Bergen
  11. Nå stopper Bybanen opp Bergensavisen, 15. november 2009
  12. Mæland om skole, Bergens Tidende, 16. august 2007
  13. Vi pusser opp skolene[daud lenkje], Bergen kommune, 28. januar 2009

Bakgrunnsstoff

endre