[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Mattis Hætta, kjend som Simona Máhttenordsamisk, (15. mars 19599. november 2022) var ein samisk songar, joikar og skodespelar. Han var aktiv under demonstrasjonane mot Alta-utbyggingen i 1979 og vart landskjend då han vann Melodi Grand Prix 1980 saman med Sverre Kjelsberg og songen «Sámiid ædnan». Songen vart nummer 16 av 19 i den internasjonale finalen same året.[1]

Mattis Hætta

Mattis Hætta og Sverre Kjelsberg
Fødd15. mars 1959
FødestadMasi
Død9. november 2022 (63 år)
AliasSimona Máhtte
OpphavNoreg
Sjangerjoik
Instrumentvokal
Verka somsongar

Han var utdanna lærar ved Alta lærerhøgskole frå 1983 til 1986, og var aktiv i kulturlivet i Kautokeino. Hætta hadde og engasjement innan pantomime og joik ved Lule Stassteater i Luleå.

Som skodespelar jobba Hætta mellom anna med Beaivváš Sámi Našunálateáhter og i tv-serien Hjerterått i 2013.

Utgjevingar

endre

Kjelder

endre
  1. Pedersen, Bernt Erik (2. mai 2014). «En joik tar aldri slutt». Dagsavisen (på norsk). Henta 1. august 2017.