[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Kyrkjelovsboka er ei samling av alle reglor som gjeld Kyrkja. Kvar kristen retning (katolsk, ortodoks, luthersk, osv.) har ei slik bok som delvis har fellestrekk med dei andre kristne retningane. Den opphavlege kyrkjelovsboka er ho frå før den Store kyrkjesplittinga i omkring 1054 e.Kr. Denne boka inneheld alle vedtektene frå dei 7 økumeniske konsila (dvs. dei 7 allmenne kyrkjemøta). På gresk kallast dette Pedalion, eit ord som tydar "ror" etter di Kyrkja skal styrast ved bruk av det. I den romersk-katolske kyrkja vert det brukt nemninga Kanonboka (på engelsk "Book of Canons" eller "Book of Canon Law").

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.