[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Kvithakepetrell

fugleart

Kvithakepetrell, Procellaria aequinoctialis, er ein stor sjøfugl i stormfuglfamilien Procellariidae. Han har utbreiing i sørlege hav så langt nord som utanfor Sør-Australia, Peru og Namibia, og hekkar sirkumpolart i koloniar på øyar i Sørishavet.

Kvithakepetrell
Kvithakepetrell utanfor Kaikoura Foto: Wikipedia-brukar Mjobling
Kvithakepetrell utanfor Kaikoura
Foto: Wikipedia-brukar Mjobling
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av kvithakepetrell
Utbreiinga av kvithakepetrell
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Procellaria
Art: Kvithakepetrell P. aequinoctialis
Vitskapleg namn
Procellaria aequinoctialis

Skildring

endre
 
I flukt, utanfor Tasmania, Australia
Foto: JJ Harrison

Ikkje berre er dette den største medlemmen av slekta Procellaria, men det er òg den største arten i stormfuglfamilien med unnatak for kjempepetrellar.[1] Kvithakepetrell måler 51-58 cm i lengd, veg 0.97-1.89 kg og har eit vengespenn på 134-147 cm. Denne store petrellen er sotsvart og har litt kvitt på halsen og haka. Primærfjørene kan ha ein sølvaktig utsjånad på undervengen. Nebbet kan vere lysgrått eller gult, med mørke nasebor. Han har svarte føter. Når han flyg, vekslar han mellom langsame vengeslag og glideflukt. Sjølv om han normalt er stille, læt han lydar som rasling eller stønning inne i kolonien.[2]

Kvithakepetrellen nyttar mange øyar i Sørishavet i hekkeperioden. Største kolonien på 2 000 000 par hekkar på Sør-Georgia. Utanom hekkesesongen beitar desse petrellane mellom pakkisen i Antarktis og subtropisk områdeden sørlege halvkula.[2] Kosthaldet består hovudsakleg av kril følgt av fisk.[3] Kvithakepetrellar beitar på overflata og ved å gjennomføre grunne dukk,[4] og dei vil lett følgje skip for å ta utkast,[5] noko som òg gjer dei sårbare for linefisket.

Totalpopulasjonen er estimert til 3 millionar individ og er minkande.[2]

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. John B. Dunning Jr. (Editor) CRC Handbook of Avian Body Masses CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
  2. 2,0 2,1 2,2 BirdLife International (2022) Species factsheet: Procellaria aequinoctialis. Henta frå http://www.birdlife.org on 11. august 2022.
  3. Berrow, S.; Croxall, J. (1999). «The Diet of white-chinned petrels Procellaria aequinoctialis, Linnaeus 1758, in years of contrasting prey availability at South Georgia». Antarctic Science 11: 283–292. 
  4. Huin, N. (1994). «Diving Depths of White-Chinned Petrels». Condor 96 (4): 1111–1113. JSTOR 1369125. doi:10.2307/1369125. 
  5. Cherel, Y.; Weimerskirch, H.; Duhamel, G. (1996). «Interactions between longline vessels and seabirds in Kerguelen waters and a method to reduce seabird mortality». Biological Conservation 75 (1): 63–70. doi:10.1016/0006-3207(95)00037-2. 

Bakgrunnsstoff

endre