John Williams
- Denne artikkelen handlar om komponisten. For den klassiske gitaristen, sjå John Williams (1941–).
John Towner Williams (fødd 8. februar 1932) er ein USA-amerikansk pianist, dirigent og komponist, særleg innan filmmusikk. Blant filmmusikkomponistane for Hollywood-filmar er Williams ein av dei aller mest erfarne, og har ei lang rekkje storfilmar bak seg i karrieren.
John Williams | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 8. februar 1932 (92 år) New York by |
Yrke | dirigent, komponist, pianist, filmmusikkomponist |
Språk | engelsk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Ektefelle | Barbara Ruick |
John Williams på Commons |
Oppvekst og studietid
endreJohn Williams voks opp i Queens i New York. Faren var jazztrommeslagar og spelte med Raymond Scott. Familien flytte til Los Angeles, California i 1948; det året John fylte 16. Etter fullført high school her, tok han til på universitetet samtidig med at han tok privattimar med komponisten Mario Castelnuovo-Tedesco. Frå 1952 var Williams i det amerikanske flyvåpenet nokre år.
Etter at tida i flyvåpenet var ferdig i 1955 flytte Williams tilbake til New York der han studerte piano ved Juilliard School. Han gifte seg i 1956 med skodespelarinna Barbara Ruick. Dei fekk tre born i lag. Ein av dei var Joseph Williams som vart ein av vokalistane til bandet Toto. Barbara døydde diverre i 1974. Williams gifte seg så opp att i 1980.
Filmmusikk
endreEtter studietida ved Juilliard, flytte Williams til Los Angeles att der han fekk jobb med instrumentering ved filmstudio. Williams spelte også piano i filmmusikk, og gjorde innspelingar m.a. i lag med Henry Mancini. Ein av dei tidlegaste filmane Williams hadde bidrege med musikken til, var Daddy-O frå 1958.
Opp gjennom åra har Williams laga svært mykje musikk til filmane til Steven Spielberg. Kjende døme er Haisommer, E.T., Jurassic Park og Schindlers liste. Berre to Spielberg-filmar har ikkje filmmusikk av John Williams.
Då George Lucas byrja med Star Wars-filmane på 70-talet, vart John Williams igjen leigd inn som komponist. Musikken til Star Wars er vorten vidkjent, og han er ein av fleire som Williams har vunne Oscar-prisen for. Til saman vart det laga seks Star Wars-filmar, alle med musikk av Williams.
I nyare tid har Williams vorte innleigd som komponist til Harry Potter-filmane, noko det og må seiast han har lukkast med. Riktignok er det berre dei tre fyrste filmane Williams har vore komponist for, men fleire av dei musikalske temaa han har brukt, går att også i dei seinare filmane.
Filmar med musikk av Williams (utval)
endre- Daddy-O (1958)
- Valley of the Dolls (1967)
- The Reivers (1969)
- Goodbye, Mr. Chips (1969)
- Jane Eyre (1970)
- Spelemann på taket (1971) Oscarvinnar
- Images (1972)
- The Poseidon Adventure (1972)
- Cinderella Liberty (1973)
- Tom Sawyer (1973)
- The Towering Inferno (1974)
- Haisommer (1975) Golden Globe-, BAFTA- og Oscar-vinnar
- Star Wars (1977) Oscar-, Golden Globe & BAFTA-vinnar
- Nærkontakt av tredje grad (1977)
- Haisommer 2 (1978)
- Supermann (1978) Oscar nomination and double Grammy nominations
- Dracula (1979)
- Imperiet slår tilbake (1980) Oscar og dobbel Grammy-nominasjon, BAFTA-Vinnar
- Indiana Jones og jakten på den forsvunnede skatten (1981)
- E.T. (1982) Golden Globe, Oscar, og BAFTA-vinnar
- Jediridderen vender tilbake (1983)
- Indiana Jones and the Temple of Doom (1984)
- The River (1984)
- Solens rike (1987)
- Superman IV: The Quest for Peace (1987)
- The Witches of Eastwick (1987)
- The Accidental Tourist (1988)
- Born on the Fourth of July (1989)
- Indiana Jones og det siste korstog (1989)
- Alene hjemme (1990)
- Hook (1991)
- JFK (1991)
- Alene hjemme 2: Forlatt i New York (1992)
- Jurassic Park (1993)
- Schindlers liste (1993) Oscar-, Grammy-, og BAFTAvinnar.
- Nixon (1995)
- Sabrina (1995)
- Sleepers (1996)
- Den tapte verden: Jurassic Park (1997)
- Syv år i Tibet (1997)
- Amistad (1997)
- Redd menig Ryan (1998)
- Star Wars: Episode I: Den skjulte trussel (1999)
- Angela's Ashes (1999)
- The Patriot (2000)
- A.I. Kunstig intelligens (2001)
- Harry Potter og de vises stein (2001)
- Catch Me if You Can (2002)
- Star Wars: Episode II: Klonene angriper (2002)
- Minority Report (2002)
- Harry Potter og mysteriekammeret (2002)
- Harry Potter og fangen fra Azkaban (2004)
- The Terminal (2004)
- Star Wars: Episode III: Sithene tar hevn (2005)
- Klodenes kamp (2005)
- Memoirs of a Geisha (2005) Grammy-, Golden Globe, og BAFTA-vinnar
- München (2005) Ein grammy-nominasjon og ein vunnen grammy-pris.
- Indiana Jones og krystallhodeskallens rike (2008)
- The Adventures of Tintin: Secret of the Unicorn (2011)
- War Horse (2011)
- Lincoln (2012)
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Williams» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2010.