Halveringstid
Halveringstid er eit omgrep som skildrar lengda på den tida det tek før nivået av radioaktivitet i eit materiale er på det halve. Forureining frå eit stoff med lang halveringstid er meir alvorleg enn frå eit stoff med kort halveringstid; stoffet er skadeleg for omgjevnadane i lang tid. Til dømes har isotopen 239Pu av Plutonium ei lang halveringstid på 24200 år. Somme andre stoff kan ha halveringstider på tusendelar av eit sekund.