[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/
For boka, sjå Fyrste mosebok.

Genesis er ei engelsk rockegruppe som vart danna i 1967. Bandet består i dag av dei tre lengstvarande medlemmane - Tony Banks (klaverinstrument) og Mike Rutherford (bass, gitar), som var med på å starte bandet, og Phil Collins (vokal, trommer), som kom med i bandet i 1970. Dei tidlegare medlemmane Peter Gabriel (vokal, fløyte), Steve Hackett (gitar) og Anthony Phillips (gitar), har òg spelt store roller i bandet i dei første åra av bandet. Genesis er av dei 30 mestseljande banda i verda og har seld kring 150 millionar album verda over.[1]

Genesis

Genesis framfører «Carpet Crawlers» i Pittsburgh i Pennsylvania i USA, på Turn It On Again-turneen deira i 2007. H til V: Daryl Stuermer, Mike Rutherford, Tony Banks, Phil Collins; ikkje avbilda: Chester Thompson
OpphavGodalming i Surrey i England
Aktiv1967–2000
2006 til i dag (pause)
SjangerProgressiv rock, poprock, rock, symfonisk rock
PlateselskapCharisma Records, ABC Records, Atco Records, Atlantic Records, Decca Records
MedlemmerTony Banks
Mike Rutherford
Phil Collins
Tidlegare medlemmerPeter Gabriel
Anthony Phillips
Chris Stewart
John Silver
John Mayhew
Mick Barnard
Steve Hackett
Ray Wilson
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Seint i 1960-åra gav bandet ut debutalbumet sitt og både tilhengjarane og bandet sjølv rekna det som eit popeksperiment.[2] Så, i løpet av eitt år, utvikla dei seg til eit progressivt rockeband, mellom anna med det andre albumet deira i 1970. Bandet byrja då å spele komplekse songstrukturar og nytte utførleg instrumentering. Konsertane deira vart teatralske eksperiment med nyskapande scenedesign, pyroteknikk, ekstravagante kostyme og historier på scenen. Denne andre fasen var prega av lange songar, som den 23 minuttar lange «Supper's Ready» og konseptalbumet The Lamb Lies Down on Broadway i 1974. Seinare i 1970-åra og tidleg i 1980-åra endra bandet igjen musikalsk retning og vart eit meir kommersielt popband. Dette gav dei den første hitten i USA med «Follow You Follow Me», det første albumet deira på toppen av den britiske albumlista, Duke, og den einaste singelen deira på førsteplassen i USA, «Invisible Touch».

Genesis har gått gjennom fleire endringar i besetninga. Sceneskrekk fekk den første gitaristen i bandet, Anthony Phillips, til å forlate bandet i 1970. I 1975 tok den Collins over for Peter Gabriel som songar i bandet etter at dei lenge hadde leita etter ein erstatning. For å hjelpe Collins på konsertane spelte Bill Bruford og Chester Thompson trommer for bandet, der Collins vart med på trommer under lengre instrumentale parti. I 1977 forlét gitarist Steve Hackett bandet. Etter at Phil Collins forlét bandet i 1996 tok Genesis inn Ray Wilson (tidlegare i Stiltskin). Wilson var med på albumet Calling All Stations i 1997, før bandet annonserte ein lengre pause. I 2007 vart Banks, Collins og Rutherford samla att for ein turné i Europa og Nord-Amerika, mellom anna ein gratiskonsert i Roma føre 500 000 fans. Genesis var eit av fem band som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2010. Framtida til bandet er usikker då Collins har trekt seg frå musikkindustrien og dei andre medlemmane driv med soloarbeid.

Historie

endre

1967–1970: Byrjinga

endre

Genesis vart starta i 1967 då Peter Gabriel og Tony Banks var studentar i Charterhouse School i Godalming. Bandet oppstod ut frå skulebanda Garden Wall og The Anon, og den originale besetninga til Genesis bestod av Peter Gabriel (vokal), Anthony Phillips (gitar), Tony Banks (klaverinstrument), Mike Rutherford (bass & gitar) og Chris Stewart (trommer).[3] Gruppa (utanom Stewart) vart opphavleg danna som eit låtskrivarpartnarskap utan at dei hadde planar om å spele i lag, men då fleire og fleire band skreiv sine eigne songar, vart det ikkje behov for eit ungt lag med uerfarne låtskrivarar.[4]

Charterhouse School-elev Jonathan King var på ein konsert ved Charterhouse i 1968 medan bandet framleis var på skulen. Etter konserten gav ein student King eit lydband med songar bandet hadde spelt inn, og King syns det var bra nok til å gje dei ein platekontrakt. King var ein låtskrivar og plateprodusent som hadde hatt ein hit-singel med «Everyone's Gone to the Moon». King kalla bandet Genesis (etter først å ha foreslått namnet Gabriel's Angels[5]), og har sidan fortalt at han «syns det var eit bra namn...det foreslo ein ny start med ein ny stil og ei ny kjensle».

Det første albumet vart From Genesis to Revelation og vart gjeve ut på Decca Records i mars 1969. Under innspelingane vart Stewart erstatta av John Silver på trommer. Bandet spelte inn ei rekkje songar inspirert av den lette popstilen til Bee Gees, eit av favorittbanda til King. King sette saman songane som eit konseptalbum, og la til strykarar i produksjonen. Den første singelen deira, «The Silent Sun», kom ut i februar 1968. Albumet selde dårleg, men bandet fekk råd frå King om å halde fram musikkarrieren.[6] King har rettane til songane på From Genesis to Revelation og har gjeve det ut fleire gonger sidan under forskjellige namn, som In the Beginning, Where the Sour Turns to Sweet, Rock Roots: Genesis, ...And the Word Was og mest nyleg The Genesis of Genesis.

Silver vart erstatta av John Mayhew før innspelinga av Trespass. Genesis sikra seg så ein ny platekontrakt med Charisma Records.[7] Bandet byrja å få mange tilhengjarar etter konsertane sine, der dei spelte hypnotiske, mørke og stemningsskapande melodiar, medan Gabriel nytta mange iaugefallande kostyme. Desse konsertane fanga interessa til Charisma-sjef Tony Stratton-Smith.[4]

Trespass, som vart laga ut frå mange av songane bandet hadde skrive under dei tidlege konsertane sine, vart malen for albuma til bandet i 1970-åra - lange, stundom operaliknande stykke som minna om progressive rockeband som King Crimson, Yes og Gentle Giant, i lag med stundom kortare og meir tilgjengelege, og stundom humoristiske, nummer. Trespass hadde element av progressiv rock som utførlege arrangement og taktendringar, som i den ni minuttar lange songen «The Knife».

Dårleg helse og sceneskrekk fekk Phillips til å forlate bandet sommaren 1970.[8] Phillips spelte sidan inn mange soloalbum, stundom i samarbeid med andre Genesis-medlemmar. Det gjekk hardt inn på Banks og Rutherford at Phillips forlét bandet, og dei vurderte om det var vits i å halde fram.[9] Dei valde likevel å fortsette og Mayhew vart erstatta av Phil Collins på trommer, medan Phillips vart erstatta av Steve Hackett, tidlegare i Quiet World, på gitar i januar 1971.

1971–1975: Den klassiske perioden

endre
 
Peter Gabriel i kostymet «Britannia», under «Dancing with the Moonlit Knight» 1974

Collins og Hackett gjorde studiodebuten sin i 1971 på Nursery Cryme, som inneheldt songen «The Musical Box» og den første songen Collins song på, «For Absent Friends». Songen var òg den første skriven av dei nye medlemmane Collins og Hackett i bandet. To lydteknikar vart hyrt inn og slutta før John Burns tok over under innspelinga av det neste albumet deira,[10] og starta eit tre album langt og suksessrikt samarbeid mellom Burns og gruppa.

Det neste albumet, Foxtrot, kom ut i oktober 1972 og inneheld det som vert skildra som «eit av dei mest fullendte verka til bandet»,[11] den 23 minuttar lange, episke «Supper's Ready». Songar som den Arthur C. Clarke-inspirerte «Watcher of the Skies» stadfesta ryktet deira som låtskrivarar og musikarar. Den overdrivne og teatralske framsyninga til Gabriel på scenen med mange kompliserte kostyme og surrealistiske introduksjonar av songane, gjorde Genesis til eit populært konsertband.[12]

Eit konsertalbum, Genesis Live, vart spelt inn under Foxtrot-turneen i 1973, kort tid før det komande studioalbumet deira kom ut.[10]

Selling England by the Pound vart gjeve ut i november 1973 og vart godt teke i mot av både kritikarar og tilhengjarar.[13] Gabriel insisterte på tittelen, som var ein referanse til eit slagord for Det britiske Arbeidarpartiet på den tida, i eit forsøk på å stoppe inntrykket at dei hadde vorte for USA-orientert.[14] Albumet inneheld «Firth of Fifth» og «I Know What I Like (In Your Wardrobe)». Desse songane vart faste på konsertane deira. Sistnemnde vart den første singelen deira som gjekk inn på singellistene med ein 17. plass i Storbritannia.

I denne perioden starta Hackett å nytte tappeteknikk på gitaren sin, som sidan vart popularisert av Eddie Van Halen, og «sweep-picking», som vart popularisert i 1980-åra av Yngwie Malmsteen. Desse gitarteknikkane vert nytta i songen «Dancing with the Moonlit Knight». Samstundes tilsette bandet Tony Smith som ny manager. Han publiserte alle Genesis-songane frå denne tida gjennom selskapet sitt Hit & Run Music Publishing.

I 1974 spelte Genesis inn det doble konseptalbumet The Lamb Lies Down on Broadway som kom ut 18. november. I kontrast til dei lange songane på tidlegare album, bestod The Lamb Lies Down on Broadway av kortare songar, knytte saman av mange følgjer. Soga skildrar den andelege reisa til Rael, ein puertoricansk ungdom som bur i New York City, og søken hans etter fridom og identitet.[15] På reisa si møter Rael fleire bisarre karakterar som Slippermen og The Lamia, sistnemnde lånt frå gresk mytologi og inspirert av eit dikt av Keats.

Bandet la ut på ein verdsturné og framførte stykket 102 gonger i sin heilskap, der Gabriel fortalte delar av handlinga munnleg. Bandet angra sidan på dette sidan dei ikkje fekk høve til å spele songar frå tidlegare i karrieren og vart tvungne til å spele songar som ikkje fungerte så godt på scenen.[4] Under desse konsertane var Genesis av dei første som nytta laserlys og andre lyseffektar, som for det meste var bygd av den nederlandske teknikaren Theo Botschuijver. Ein spesialbygd handhalden laser gjorde at Gabriel kunne sveipe over publikum med forskjellige lyseffektar.

Under skapinga av det ambisiøse The Lamb Lies Down on Broadway vart forholdet mellom bandmedlemmane dårlegare, særleg mellom Banks og Gabriel, som var gode vener i utgangspunktet.[3] Gabriel skreiv tekstane til albumet, medan dei andre bandmedlemmane (hovudsakleg Banks og Rutherford) skreiv musikken, utanom «Counting Out Time» og «The Carpet Crawlers». «The Light Dies Down on Broadway» vart skriven av Banks og Rutherford i lag. Dei utanomjordlege, boblande synth-lydane på «The Waiting Room», og andre vokaleffektar på «The Grand Parade of Lifeless Packaging» kalla «Enossifications», vart laga av Brian Eno.

Under Lamb Lies Down on Broadway-turneen, gav Gabriel beskjed til resten av bandet at han kom til å slutte,[16] mellom anna fordi han hadde vorte fråskild resten av medlemmane, og hadde problem i ekteskapet sitt, mellom anna på grunn av ein vanskeleg fødsel av det første barnet hans. Han valde likevel å bli i bandet til turneen var over. I eit brev til fansen, levert gjennom musikkpressa mot slutten av turneen, kalla Out, Angels Out, forklarte Gabriel at «...reiskapen me bygde for å tene låtskrivinga vår vart meisteren vår og fanga oss inne i suksessen me ønskte. Det påverka haldninga og anda i heile bandet. Musikken har ikkje tørka inn og eg respekterer framleis dei andre musikarane».[17] Collins sa seinare at bandet ikkje var sjokkerte fordi dei hadde visst om det ei stund. Bandet valde å halde fram utan Gabriel.[18] Det første soloalbumet til Gabriel, Peter Gabriel i 1977 har singelen «Solsbury Hill», ein allegori som referer til at han slutta i bandet.

1976–1977: Firemannsperioden

endre

Gruppa hadde visstnok over 400 songarar på prøvespel for å finne ein erstattar for Gabriel. Phil Collins, som før hadde sunge korvokal, tok seg av dei som kom på prøvespel.[19] Til slutt valde bandet å nytte Collins som den nye vokalisten[20] for albumet A Trick of the Tail i 1976. Den nye produsenten David Hentschel, som hadde vore lydteknikar på Nursery Cryme, gav albumet ein klårare lyd. Mange historikarar har seinare sagt at «Collins høyrdest meir ut som Gabriel enn Gabriel sjølv gjorde».[21]

Trass i suksessen med albumet, var gruppa uroa over konsertane deira, som no mangla dei rare kostyma og den dramatiske framferda til Gabriel. Sidan Collins måtte ha hjelp av ein ekstra trommeslagar medan han song, vart Bill Bruford, trommeslagar for Yes og King Crimson, hyrt inn[22] for turneen i 1976. Den første konserten utan Peter Gabriel vart halden 26. mars 1976, i London i Ontario i Canada.

Seinare det året spelte Genesis inn Wind & Wuthering, det første av to album spelt inn i Relight Studios i Hilvarenbeek i Nederland.[3] Albumet kom ut i desember 1976,[23] og tok den andre delen av tittelen frå Emily Brontë-romanen Wuthering Heights, der dei siste linjene «how anyone could ever imagine unquiet slumbers for the sleepers in that quiet earth» inspirerte til titlane på spor sju og åtte.[24]

For turneen i 1977 spelte Chester Thompson, ein jazzfusion-trommis frå Weather Report og Frank Zappa, trommer. Collins gjorde ikkje dei same teatralske framferdene som Gabriel gjorde på scenen og tolkingane hans av dei eldre songane var lettare og meir subtile. På gjenforeiningskonserten i Milton Keynes i 1982 innrømde Gabriel at Collins song songane «betre», men aldri «heilt som» han.[25]

Gitarist Hackett hadde vorte stadig meir desillusjonert med bandet då Wind & Wuthering kom ut,[16] og følte seg innesperra. Han var det første medlemmet som gav ut eit soloalbum, Voyage of the Acolyte i 1975, og likte særs god kjensla av kontroll over innspelingsprosessen når han ikkje arbeidde i gruppa. Hackett hadde bede om at ein fjerdedel av Wind & Wuthering vart sett av til songane hans, men Collins syns «det var ein dum måte å arbeide i eit band på».[26] Sjølv om Hackett vart tilskriven instrumentalen «Unquiet Slumbers for the Sleepers..»./«...In That Quiet Earth» , vart songen «Blood on the Rooftops», skriven av Hackett og Collins, aldri framført på konsertane deira, og songen hans «Please Don't Touch» (som var tittelsporet på soloalbumet hans frå 1978) vart avvist av dei andre i bandet, som heller valde den kortare og meir fengande «Wot Gorilla?». Hackett forlét bandet etter at EPen Spot the Pigeon kom ut i 1977, medan bandet miksa konsertalbumet Seconds Out, som vart spelt inn under turneane i 1976 og 1977.

1978–1979: And Then There Were Three

endre
 
Rutherford og Collins under Duke-turneen i 1980.

Etter at Hackett forsvann, spelte Rutherford gitar i studio og bandet vart meir balansert frå eit kreativt synspunkt. Gruppa valde å halde fram som ein trio, noko som tittelen på det neste albumet frå 1978 syner, ...And Then There Were Three.... Albumet var enno eit skritt bort frå dei lange, progressive songane, og gav bandet den første hitten deira i USA, «Follow You Follow Me», som førte til at ...And Then There Were Three... selde til platinaplate i USA.[27]

For konsertane det året veksla Rutherford mellom gitar og bass med amerikanske Daryl Stuermer, tidlegare gitarist for jazzfusionbandet til den franskfødde fiolinisten Jean-Luc Ponty. Generelt spelte Rutherford gitar på songane han sjølv hadde skrive på det siste albumet, men heldt seg til bass på alle songar spelte inn før 1978.

Sidan bandet hadde vore i studio eller på turne kontinuerleg sidan vinteren 1977-1978, valde Banks, Collins og Rutherford å ta fri det meste av 1979. Collins hadde gjeve beskjed til dei andre om at han måtte prøve å redde ekteskapet sitt med å følgje kona til den nye heimen hennar i Vancouver. Om dei planla å dra i studio no, så måtte det bli utan han. Banks og Rutherford valde å ta ein pause, medan han ordna opp i famileproblema sine og spelte inn soloplater i mellomtida.

1980–1984: Det store gjennombrotet

endre

Etter forsøket på å redde ekteskapet (som enda med skilsmisse), reiste Collins attende til Storbritannnia i august 1979, og hadde lite å gjere på då Banks og Rutherford arbeidde med soloalbuma sine. Med tid til overs og nytt utstyr i heimen sin, byrja Collins å spele inn heimedemoar som kom til å bli det første soloalbumet hans, Face Value (1981), samt to songar for komande Genesis-prosjekt. I tillegg vart han med jazzfusionbandet Brand X for turneen deira i 1979, og deltok på albumet deira Product.[28] DÅ dei tre bandkollegaene kom saman for å spele inn det neste albumet deira, Duke (1980), vart resultatet at dei skreiv mykje meir saman. Duke var den verkelege overgangen frå den progressive rockestilen i 1970-åra til popstilen i 1980-åra.[16] Trommemaskinar vart nytta fast på dei komande Genesis-albuma og soloalbuma til Collins. Den første Genesis-songen der dei nytta trommemaskin var Duke-songen «Duchess». Det meir kommersielle Duke vart godt teke imot av kritikarane og vart det første albumet deira som gjekk til topps i Storbritannia, medan songane «Misunderstanding» og «Turn It On Again» vart konsertfavorittar.

Duke vart etterfølgd av Abacab (1981), der dei samarbeidde med blåserekkja i Earth, Wind & Fire på «No Reply at All». Mykje av øvingane til albumet fann stad i The Farm, det nybygde studioet til bandet i Surrey, og der alle dei påfølgjande albuma deira vart spelte inn. På albumet vert det nytta ein kraftfull trommelyd som nytta ein effekt kalla portstyrt klang (gated reverb) der ein nyttar ein ekte eller kunstig klang gjennom ein støyport, som raskt slår av når ein når eit visst volum. Den særeigne lyden vart først utvikla av Peter Gabriel, Phil Collins, og medprodusenten/lydteknikaren deira Hugh Padgham, då Collins spelte inn musikken til «Intruder», den første songen på soloalbumet til Gabriel i 1980. Teknikken og produksjonen til Padgham hadde òg vorte nytta på det første soloalbumet til Phil Collins, Face Value (1981). Denne portstyrte trommelyden vart eit kjennemerke for framtidige Genesis- og Collins-album.[29]

Under Abacab-turneen nytta bandet som dei første nokon gong Vari-Lite, som var eit automatisert rørleg lyssystem.

I 1982 gav bandet ut det doble konsertalbumet Three Sides Live. I USA inneheld plata tre sider med konsertopptak - derav tittelen - og ei side med studiomateriale. «Paperlate» var ein av studiosongane, der blåserekkja til Earth, Wind and Fire igjen spelar. I Storbritannia og resten av Europa vart denne studioplata erstatta med ei fjerde side med konsertopptak frå tidlegare turnear. I 1982 spelte Genesis ein enkelt konsert i lag med Gabriel og Hackett i Milton Keynes Bowl, under namnet Six of the Best. Konserten vart raskt sett i gang for å få inn pengar til prosjektet WOMAD som Gabriel dreiv.[30] Hackett, som kom inn seint frå Sør-Afrika, spelte på dei to siste songane på konserten («I Know What I Like (in Your Wardrobe)» og «The Knife») med dei tidlegare kollegaene sine.

I 1983 kom albumet Genesis og det vart det tredje albumet deira på rad som gjekk til topps i heimlandet. Albumet inneheld dei radiovennlege «Mama» og «That's All». Songen «Just a Job to Do» vart seinare nytta som kjenningsmelodi for ABC-serien The Insiders. Den siste songen frå albumet som vart mykje spelt på radio var «Taking It All Too Hard». Albumet selde godt verda over.

1985–1996: På høgda av karrieren og avgangen til Collins

endre

Det bestseljande albumet til Genesis, Invisible Touch, kom ut i 1986, medan Collins var på sitt mest populære som soloartist. Albumet gav bandet fem singlar som nådde Topp 5 i USA: «Throwing It All Away», «In Too Deep», «Tonight, Tonight, Tonight», «Land of Confusion» og «Invisible Touch». Tittelsporet gjekk heilt til topps i USA, den einaste Genesis-songen som klarte dette. Songen nådde berre 15. plass i Storbritannia. I september 1986 framførte Genesis «Throwing It All Away» på 1986 MTV Video Music Awards i Los Angeles.[31] I juli 1987 vart Genesis det første bandet som selde ut Wembley Stadium fire kveldar på rad.[32] Genesis var det første bandet som nytta Vari*Lite-teknologi,[33] og Prism-lydsystem, som begge i dag er standard på alle store rockekonsertar.

Tidlegare det året hadde Collins sett ein parodi på seg sjølv på Spitting Image, eit satirisk britisk fjernsynsshow som nytta dokker til å etterlikne politikarar og kjendisar. Han var imponert over dette og fekk skaparane av showet, Peter Fluck og Roger Law, til å arbeide med videoen til «Land of Confusion». Videoen vart skapt som ein ironisk kommentar til den kalde krigen. I tillegg til dokker av Banks, Collins og Rutherford, kunne ein sjå ei dokke av Ronald Reagan kledd som Supermann. Videoen vart nominert til årets video av MTV, men tapte for Gabriel sin «Sledgehammer».

«Tonight, Tonight, Tonight» vart nytta i ein reklame for Michelob, og det same vart Collins sin «In the Air Tonight» — medan «In Too Deep» vart nytta i filmen Mona Lisa.[34] Den instrumentale «The Brazilian», vart med i animasjonsfilmen When the Wind Blows, i lag med musikk skriven av Roger Waters. Under Prince's Trust-konserten i 1988 i Royal Albert Hall spelte Collins og Gabriel i lag for første gong sidan 1982. Collins spelte trommer for husbandet, medan Gabriel framførte hitsingelen sin «Sledgehammer». Sidan den gong har dei to frontmennene i Genesis ikkje spelt i lag offentleg, men dei spelte i bryllaupet til Gabriel i 2002.

Etter ein pause på fem år kom Genesis saman att for albumet We Can't Dance i 1991, som vart det siste studioalbumet til Collins med gruppa. Albumet inneheldt fem hitsinglar: «Jesus He Knows Me», «I Can't Dance», «No Son of Mine», «Hold on My Heart», «Tell Me Why» og «Never a Time» (berre i USA). Albumet vart produsert av Nick Davis og inneheld òg songen «Since I Lost You», som Collins skreiv til minne om sonen til Eric Clapton, Conor.

Collins forlet bandet i mars 1996. Årsaka han gav var at han «følte det var på tide å endre retning i det musikalske livet mitt. For meg no vil det vere musikk for filmar, nokre jazz-prosjekt og sjølvsagt min eigen solokarriere. Eg ønskar karane i Genesis alt godt for framtida. Vi vil framleis vere bestevener».[35]

1996–1998: Calling All Stations og Ray Wilson

endre

Rutherford og Banks valde å halde fram som Genesis. Dei måtte ikkje berre ha eitt nytt medlem, fordi bandet hadde ikkje berre mista Collins, men òg konsertmusikarane sine, som gitarist Daryl Stuermer og trommeslagar Chester Thompson. Stuermer vart spurt, men han turnerte med Collins på denne tida. Thompson bad sjølv om å få verte med i bandet som fulltidsmedlem, men då han ikkje fekk dette avslutta han det 19 år lange samarbeidet med bandet. Til slutt vart trommejobben delt mellom israelske Nir Zidkyahu, som hadde spelt med Hidden Persuaders og Nick D'Virgilio, frå det amerikanske progrockbandet Spock's Beard.[8] Skilnaden i spelestilen deira var merkbar, der D'Virgilio spelte svakare medan Zidkyahu hadde ein meir bombastisk teknikk.

Tidlegare Stiltskin-songar Ray Wilson vart den nye songaren i Genesis. Andre kandidatar hadde vore Nick Van Eede frå Cutting Crew, Kevin Gilbert, Paul Carrack frå Rutherford sitt Mike + The Mechanics, Francis Dunnery (tidlegare It Bites), David Longdon (tidlegare Louis Philippe band) og tidlegare Marillion-songar Fish.[36]

Albumet Calling All Stations kom ut i 1997 og selde godt i Europa, og songen «Congo» nådde 29. plass i Storbritannia. Albumet gjorde det ikkje så godt i USA. I 1997 og 1998 turnerte Genesis i Europa og bandet fekk med seg Zidkyahu og gitarist Anthony Drennan, som tidlegare hadde arbeidd med Paul Brady og The Corrs. Ein planlagt turné i Amerika vart derimot avlyst på grunn av dårleg platesal. Genesis sa så opp Wilson og tok ein lengre pause. Wilson mislikte sterkt måten han vart sagt opp på.[37] Han sa òg at han ikkje likte seg i bandet og kjende seg ukomfortabel som ein arbeidarklassemann ved sidan av dei rike Banks og Rutherford, og hadde òg fått høyrt frå ein av assistentane til Phil Collins at Collins ikkje var nøgd med at bandet hadde halde fram utan han.

1998–2005: Halvvegs gjenforeining og pause

endre

I 1998 møttest Banks, Collins, Gabriel, Hackett, Phillips, Rutherford og Silver for ein fotosesjon og ein middag for å feire utgjevinga av plateboksen, Genesis Archive 1967–75. I 1999 gav 1971–75-besetninga med Banks, Collins, Gabriel, Hackett og Rutherford ut ein ny versjonav «The Carpet Crawlers» for samlealbumet Turn It On Again: The Hits. Fleire Archive-samlingar følgde dei neste åra og det vart spelt akustiske versjonar av «Afterglow», «No Son of Mine» og «Follow You, Follow Me» for ein dokumentar film om bandhistoria.

2006 til i dag: Gjenforeining

endre
 
Genesis spelar «The Carpet Crawlers» i Herning i Danmark. Juni 2007.

I 2007 la Banks, Collins og Rutherford ut på Turn It on Again: The Tour i Europa og Nord-Amerika. Trioen ønskte å få med seg både Gabriel og Hackett for ei framføring av The Lamb Lies Down on Broadway. Gabriel hadde lyst, men kunne ikkje. Hackett var òg med, men berre så lenge Gabriel deltok.[38] Bandet tok derfor med seg Chester Thompson og Daryl Stuermer i staden.

Alle albuma til bandet vart gjevne ut på ny i 5.1- og nye steroemiksar i 2007 og 2008 med hjelp frå Nick Davis. Albuma vart gjevne ut tre og tre i samleboksar. Kvart album kom i doble sett med ein multikanals hybrid Super Audio CD, samt ein DVD-Video med DTS 24bit/96K og Dolby Digital 24bit/48K 5.1-spor. DVDane inneheld ekstraspor som videoar, konsertopptak, fjernsynsframferder, turnéprogram og nye intervju. Boksane som vart gjevne ut var Genesis 1976–1982 i mai 2007, Genesis 1983–1998 i oktober 2007 og Genesis 1970–1975 i november 2008, i tillegg til at kvart album vart gjeve ut kvar for seg.

I 2007 vart bandet æra på den andre årlege VH1 Rock Honors, i lag med Ozzy Osbourne, Heart og ZZ Top. Genesis framførte «Turn It on Again», «No Son of Mine» og «Los Endos».[39] 7. juli 2007 spelte Genesis på Live Earth på nye Wembley Stadium i London, i lag med andre artistar som Madonna, Duran Duran og Red Hot Chili Peppers.[40]

Konsertalbumet Live over Europe 2007 kom ut i november det same året. Ein DVD frå konserten 14. juli 2007 i Circo Massimo i Roma When in Rome 2007.

15. mars 2010 vart Genesis innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Bandet vart innlemma av Phish-gitarist Trey Anastasio. Collins, Banks, Rutherford og Steve Hackett var på seremonien, medan Peter Gabriel var oppteken i førebuingane for den komande turneen sin for soloalbumet Scratch My Back. Genesis spelte ikkje på seremonien og Phish spelte i staden «Watcher of the Skies» og «No Reply at All».

I seinare år har Collins fått problem med ryggen på grunn av sittestillinga han har hatt i alle år medan han spelte trommer. Dette gjer at han ikkje lenger kan spele trommer, noko som gjer det tvilsamt at det klassiske Genesis noko gong vert gjenforeing med Gabriel att. Med Gabriel i bandet hadde Collins spelt trommer. 4. mars 2011 annonserte Collins derfor at han hadde avslutta musikkarrieren sin.[41]

Inspirasjon og innverknad

endre

Genesis har vore inspirert av mange forskjellige musikkformer, frå klassisk musikk til vanleg rock og jazz. Klassisk musikk inspirerte særleg Tony Banks, Anthony Phillips og Steve Hackett. Gabriel og Banks var store fans av Simon and Garfunkel. Banks var òg inspirert av Alan Price frå The Animals, sidan han «var den første personen som gjorde meg klar over orgel i ein rockesamanheng».[42] Collins har nemnd Buddy Rich og jazzrockbanda The Mahavishnu Orchestra og Weather Report. Han var særs inspirert av The Beatles, som var årsaka til at han starta med musikk, The Action[43] og soulmusikk frå Motown, Stax Records og Atlantic Records.[44] Hackett var òg særs inspirert av The Beatles, og han har nemnd «I Feel Fine» som ein av platene han lærte å spele gitar frå.[45] Tidleg i karrieren til Gabriel med Genesis var han inspirert av Nina Simone og King Crimson.[46]

Ettermæle

endre

Som eit av banda som var på å form sjangeren progressiv rock, er Genesis nemnd som inspirasjonskjelde for andre progrockgrupper, som Spock's Beard,[47] Rush,[48] Marillion,[49] IQ,[50] Pendragon,[51] Pallas[52] og Dream Theater.[53][54] Den første konserten Simple Minds-songar Jim Kerr såg var frå Foxtrot-turneen, som han skildra som eit vendepunkt i livet hans.[55] Dei har òg inspirert alternativ rock-band som Elbow[56] og Coheed and Cambria.[57] Det finst fleire hyllestband for Genesis, som ReGenesis og The Musical Box som ofte spelar songar frå Peter Gabriel- og Phil Collins-tida.

Collins var den første artisten som spelte ein Genesis-song på album - songen «Behind the Lines» på Face Value eitt år etter den originale utgjevinga. Andre tidlegare medlemmar har ofte spelt songar av bandet på solokonsertane sine.

Genesis vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2010.[58]

Diskografi

endre

Kjelder

endre
  1. «Phil Collins». atlanticrecords.com. Arkivert frå originalen 28. august 2008. Henta 19. september 2012. 
  2. Drewett, Michael; Hill, Sarah; Kärki, Kimi (2011). Peter Gabriel, From Genesis to Growing Up. Ashgate Publishing. s. 44. ISBN 0-7546-6521-6. , Extract of page 44
  3. 3,0 3,1 3,2 Welch, Chris (1995). The Complete Guide to the Music of Genesis. London: Omnibus Press.
  4. 4,0 4,1 4,2 Neer, Dan (1985). Mike on Mike [interview LP], Atlantic Recording Corporation.
  5. Tracy, John. «And The Word Was ... GENESIS" genesis-path.net. Henta 19. september 2012.
  6. King, Jonathan. «In the Beginning». From Genesis to Revelation (sleeve notes). 1993 release
  7. Cromelin, Richard. «Genesis: Short on Hair, Long on Gimmicks». Rolling Stone, 28. mars 1974.
  8. 8,0 8,1 Ostrich, Michael «Genesis Frequently Asked Questions List Version 2.6". ProgScape Entertainment, 21. desember 1998. Henta 19. september 2012.
  9. Young, John. «Genesis Look at Themselves" Arkivert 2006-12-23 ved Wayback Machine.. Trouser Press Magazine, March 1982. Henta 19. september 2012.
  10. 10,0 10,1 «World of Genesis website - John Burns interview». Worldofgenesis.com. 2. juli 2006. Henta 19. september 2012. 
  11. Welch (1995), s. 21
  12. «Some New York Times Reviews '72-'74" Arkivert 2007-03-11 ved Wayback Machine.. genesis-path.net. Henta 19. september 2012.
  13. Malamut, Bruce. «Selling England by the Pound" Arkivert 2007-06-26 ved Wayback Machine.. Crawdaddy, mars 1974. Henta 19. september 2012.
  14. Bowler, Dray. «Genesis: A Biography». London: Sidwick & Jackson, 1992
  15. Welch, Chris. «Genesis: The Lamb Lies Down On Broadway». Melody Maker, 23. november. 1974.
  16. 16,0 16,1 16,2 Mankowitz, Gered. «Help!». Mojo Magazine, april 2007.
  17. "Gabriel, Peter. «Out, Angels Out - an investigation" Arkivert 2007-06-18 ved Wayback Machine. genesis-path.net, August 1975. Henta 19. september 2012.
  18. Welch, Chris. «Peter Gabriel Quits Genesis». Melody Maker, 23. august 1975.
  19. «Phil Collins | Music Videos, News, Photos, Tour Dates, Ringtones, and Lyrics». MTV. Henta 19. september 2012. 
  20. "Genesis Archive No. 2». Gelring Limited. Atlantic Recording Corporation, 2000.
  21. «Phil Collins". Golden Slumbers, 2005. Henta 19. september 2012. Arkivert 2007-01-24 ved Wayback Machine.
  22. «An interview with Bill Bruford". World of Genesis.com. Henta 19. september 2012.
  23. Gallo, Armando (1980). I Know What I Like. Los Angeles: D.I.Y Books. s. 161. ISBN 0-283-98703-0. 
  24. McMahan, s. 371
  25. Genesis. Inside Genesis 1975–1980. «Classic Rock Legends», 2004
  26. «Wind & Wuthering 1977 - Genesis Remember". g2online.co.uk. Henta 19. september 2012.
  27. RIAA Gold & Platinum database. RIAA. Henta 19. september 2012
  28. Brand X: Product Allmusic. Henta 19. september 2012
  29. Flans, Robyn. Classic Tracks: Phil Collins' «In the Air Tonight" Arkivert 2007-03-17 ved Wayback Machine.. Mix, 1 May 2005. Henta 25. mars 2007.
  30. «The 1982 Reunion Show Program Book".genesis-path.net. Henta 19. september 2012.
  31. 1986 MTV Video Music Awards MTV.com. Henta 19. september 2012
  32. «The Waiting Room Online". The Waiting Room, 2005. Henta 19. september 2012.
  33. «About Vari-Lite". vari-lite.com. Henta 19. september 2012.
  34. McMahan, s. 307
  35. Darling, Linda; Silberstein, Scott. «Phil Quits Genesis!" Arkivert 2007-03-11 ved Wayback Machine.. Entertainment Wire, 28. mars 1996. Henta 19. september 2012.
  36. Popke, Michael. «Ray Wilson: 'I find George Bush quite frightening and capable of scary things'". SeaOfTranquility.org, 24 October 2004. Henta 25. mars 2007.
  37. "Rocker Ray's life begins after Genesis Scotsman.com Henta 14 April 2008
  38. "[1]».
  39. «Genesis in Las Vegas last night (VH-1 Rock Honors)». Arkivert frå originalen 4. september 2012. Henta 20. september 2012. 
  40. «Genesis to participate in Live Earth" Arkivert 2008-08-12 ved Wayback Machine.. Liveearth.org. Henta 25. mars 2007.
  41. Wardrop, Murray (3. mars 2011). «Phil Collins calls time on music career». The Daily Telegraph. Henta 4. mars 2011. 
  42. "Genesis' Banks — A Current Account Arkivert 2006-06-18 ved Wayback Machine.». Beat Instrumental, april 1976. Henta 19. september 2012.
  43. Will Hodgkinson (15. november 2002). «Home entertainment». The Guardian (UK). 
  44. Thrills, Adrian. «Take a look at me now! At 59, Phil Collins is back... singing the Motown hits he grew up with». Daily Mail. 
  45. «Ex-Genesis gitarist Steve Hackett recalls hearing John Lennon say he loved them». Liverpool Echo. 30 October 2009. Henta 20. september 2012. 
  46. «The Genesis File". Melody Maker, 16 December 1972. Henta 20. september 2012.
  47. «Genesis fan site». Arkivert frå originalen 3. juli 2014. Henta 20. september 2012. 
  48. «Rush: Beyond the Lighted Stage». Rush: Beyond the Lighted Stage. Henta 20. september 2012. 
  49. «Interview: Steve Hogarth of Marillion». Mstation.org. Henta 20. september 2012. 
  50. «IQ: Peter Nicholls». Arkivert frå originalen 10. mars 2012. Henta 20. september 2012. 
  51. «Pendragon website». Arkivert frå originalen 21. august 2008. Henta 20. september 2012. 
  52. Interview with Graeme Murray in Classic Rock, mars 2011, Issue 155.
  53. Bredius, Mark. «Jordan Rudess News». Dream Theater - The Offici al Site. Dream Theater. Arkivert frå originalen 18. januar 2008. Henta 20. september 2012. 
  54. «Interview of Jordan Rudess». Aux Portes Du Métal. Henta 20. september 2012. 
  55. Kerr, Jim (14 May 2010). «Jim Kerr: My Six Favourite Albums». The Express. Henta 20. september 2012. 
  56. «Elbow interview by Alexander Laurence». Arkivert frå originalen 9. august 2011. Henta 20. september 2012. 
  57. Torreano, Bradley. «Coheed and Cambria». AllMusic. Henta 19. september 2012. 
  58. «Abba receive Hall of Fame honour». BBC News. 16. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre