Ga'ash
Ga'ash (hebraisk skrift גַּעַשׁ, tyder Storm) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han er kalla opp etter det bibelske fjellet Gaash[1] som låg ved sidan av grava til Josva i Efraim (Josva 24:30). Han ligg nord for Tel Aviv og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 515 innbyggjarar.
Ga'ash | |||
גַּעַשׁ | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Kystsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hof HaSharon | ||
Koordinatar | 32°13′45.48″N 34°49′33.23″E / 32.2293000°N 34.8258972°E | ||
Folketal | 682 (2015) | ||
Grunnlagd | 5. juli 1951 | ||
• Grunnlagd av | Søramerikanske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Ga'ash 32°13′45″N 34°49′33″E / 32.2293°N 34.825897222222°E | |||
Kart som viser Ga'ash.
| |||
Wikimedia Commons: Ga'ash |
Kibbutzen vart grunnlagd den 5. juli 1951 av ei gruppe immigrantar frå Sør-Amerika som var medlemmar av den latinamerikanske «A-gruppa» til Hashomer Hatzair. Grunnleggjarane hadde forsvart Negba under den arabisk-israelske krigen i 1948, og hadde danna kibbutzen ved Ahli Kahsem nær Bnei Zion i november 1949.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ga'ash» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.159 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)