[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Fylkesveg 57

primær fylkesveg i Hordaland og Sogn og Fjordane
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 57 (fleirtyding).
Fylkesveg 57
57
Forbi Osfossen i Gaula
Forbi Osfossen i Gaula
Strekning
Espeland i Gaular – Knarvik i Lindås
Fylkesveg 57
Informasjon
Lengd 151,4 km
Status fylkesveg
Ferjestrekningar 2
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 57 565 570 602 607 609

Fylkesveg 57 (Fv57) går mellom Espeland i Sunnfjord kommune og Knarvik i Alver kommune. Veglengda er 151,4 km.

Osen bru
Foto: Jan-Tore Egge
Gjennom Dale
Foto: Jan-Tore Egge
Rutledal fergekai
Foto: Bjarne Thune
Ved Leversundet i Gulen
Foto: Bjarne Thune
Leversundbrua i Gulen
Foto: Frode Inge Helland
Furubergtunnelen i Lindås
Espelandstunnelen i Lindås

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.

Historikk

endre

Riksveg 57 vart til i 1960-åra med ein annan trasé mellom Lindås og Gulen kommunar, og i 1967 vart vegen endeleg knytt saman med ei riksvegferje over Fensfjorden. Frå Vågseidet sør for tettstaden Lindås gjekk vegen austover til Sævråsvågen ferjekai og over fjorden med ferjesambandet Sævråsvågen-Duesund til Duesund i Masfjorden. Herifrå gjekk vegen nordvestover til Steine der kjem inn på dagens uendra trasé.

I 1980 vart det opna ein vegarm frå Steine til nye Sløvåg ferjekai og det nye ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg.

Med opninga av nye ferjefrie Riksveg 14 mellom Knarvik og Sognefjorden om Romarheim i 1990 vart trafikkgrunnlaget til Sævråsvågen-Duesund borte. Året etter vart ferjesambandet nedlagd, og Riksveg 57 tok over traséen til dåverande Riksveg 568 på Lindåshalvøya mellom Vågseidet og Leirvåg ferjekai.

Vegen hadde fram til 1. juli 1999 vegarmar til Sævråsvåg og Duesund. Vågseidet-Sævråsvåg fart skild ut som dåverande Fylkesveg 396 i Hordaland, medan Steine-Duesund vart skild ut som ein del av dåverande nye Riksveg 570.

Kommunar og knutepunkt

endre
Sunnfjord
Fjaler
Hyllestad
Gulen
Austrheim
Alver
 
Knarvik med Fv57 i bakgrunnen

Bakgrunnsstoff

endre