Fylkesveg 55
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 55 (fleirtyding).
Fylkesveg 55 | |||
---|---|---|---|
55 | |||
Strekning | |||
Høyanger – Dragsvik Sogndal – Lom | |||
Informasjon | |||
Lengd | 248,1 km | ||
Status Fylke |
fylkesveg nasjonal turistveg Innlandet Vestland | ||
Tilstøytande vegar | |||
613 | |||
Restriksjonar | |||
Vinterstenging | Sognefjellet (november - mai) | ||
Nattestenging | Sognefjellet (vinter) |
Fylkesveg 55 (Fv55) går mellom Vadheim i Høyanger og Dragsvik i Sogndal og mellom Stedje i Sogndal og Lom. Strekninga mellom Lom og Gaupne er nasjonal turistveg Sognefjellet. Veglengda er 248,1 km, av dette 52,6 km i Innlandet og 195,5 km i Vestland.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trødde i kraft fekk han status som fylkesveg, bortsett frå stamvegstrekninga mellom Stedje og Hella ferjekai. Denne strekninga heldt fram som Riksveg 55 til 2019, då han vart del av Riksveg 13.[1]
Over Sognefjellet passerer i gjennomsnitt 600 køyretøy i døgnet dei månadane vegen er open. I juli er trafikken oppe i 1100 og i september nede i 300 køyretøy i døgnet.[2]
Turistvegen
endreVegen går hovudsakleg i retning nordaust–sørvest og følgjer dalføret mellom Breheimen og Jotunheimen. Han forlet Rv15 nær Lom stavkyrkje og følgjer Bøverdalen til Røysheim og vidare opp Leirdalen og Breiseterdalen til Krossbu og Sognefjellshytta (1410 moh) der Fantesteinen markerer det høgaste punktet på vegen. Frå her går vegen vidare over Sognefjell til Turtagrø og vidare ned Bergsdalen og Fortunsdalen til Skjolden og vidare langs nordsida av Lustrafjorden til Gaupne.
I tillegg er traséen mellom Dragsviki og Balestrand del av den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet, sjå Fylkesveg 613.
Vegen vidare
endreVegen forlet Gaupnefjorden i retning sørvest og passerer Hafslo og Sogndal, vidare langs nordsida av Sogndalsfjorden og Sognefjorden forbi Hermansverk og Leikanger til Hella og med ferje over Fjærlandsfjorden. Han følgjer nordsida av Sognefjorden vidare vestover frå Dragsvik og Balestrand til Lånefjorden, frå der går han i tunnel til Høyanger og vidare langs Sognefjorden igjen til Vadheim der han møter E39.
Kommunar og knutepunkt
endre- Fossbergom (Lom) Lom stavkyrkje
- Flå bru (ca. 80 m)
- Fv467 frå Flå bru til Lom Prestegard (9,0 km)
- Flåklypa
- Røysheim → veg til Spiterstulen
- Galdesand → Privat veg til Juvasshytta, 1850 moh., med Galdhøpiggen
- Fv471 frå Leira bru til Kvandalsvoll (5,4 km)
- Vegasjelet → veg til Leirvassbu
- Vinterbom, Vegasjelet, open til Turtagrø frå 1. mai
- Det høgaste punktet, Fantesteinen, 1434 moh.
- Turtagrø
- Vinterbom
- Privat bomveg → Tindevegen til Åbøle (vinterstengd)
- Fv5632 til 53 Øvre Årdal
- Fv5638 Fortun → Fortunsdalen til Bjørk (6,3 km)
- Fortun kyrkje
- Fv5637 Skjolden → Sørsidevegen til Ornes
- Fv5639 Skjolden (Hauge bru) → Mørkridsvegen til Mørkrid (5,7 km)
- Gullringtunnelen (1,2 km)
- Ottatunnelen (572 m)
- Luster
- Dale kyrkje
- Råumtunnelen (514 m)
- Nes kyrkje
- 604 Gaupne → Jostedalsvegen til Jostedalen
- Røneidtunnelen (656 m)
- 603 Marifjøra til Eikum
- Fv5640 Geitaneset til Lambhaug og Ugulen (3,9 km)
- Fv5640 Ugulen til Lambhaug og Geitaneset
- Fv5641 Kjos → Hafslovegen til Hafslo og Veitastrond (34,0 km)
- Fv5642 Solvorngalden → Solvornvegen til Solvorn (3,2 km)
- Stupshølen tunnel (77 m)
- Årøytunnelen (405 m)
- Sogndal
- Nes → Mannhellervegen til Kaupanger, Lærdalsøyri og Håbakken
- 55 felles trasé til Stedje
- Hovslund → Fjørevegen til Sogndalsfjøra
- Fv5613 → Dalavegen til Selseng (18,9 km)
- Stedje
- 55 felles trasé til Dragsvik ferjekai
- Stedjebergtunnelen (2100 m)
- Ølmheim kyrkje
- Fatlatunnelen (2250 m)
- Hermansverk
- Fv5609 Njøs → Njøsavegen til Sæberg
- Leikanger kyrkje
- Leikanger → Husabøvegen → Fv5610
- Veten → Valbrekkevegen → Fv5611
- Holene → Eggjavegen → Fv5611
- Hella ferjekai
- Hella-Dragsvik (10 min, 1-2 turar/time)
- 613 Dragsvik ferjekai
- 613 felles trasé til Dragsviki
- 613 Dragsviki → Nasjonal turistveg Vikane til Gaularfjellet, Gaular og Moskog
- Tjugum kyrkje
- Balestrand
- Strondi vegkryss
- Vegarm til Balestrand sentrum (0,5 km)
- Kræklingen tunnel (337 m)
- Tussviktunnelen (520 m)
- Kongsnestunnelen (245 m)
- Høyangertunnelen (7543 m)
- Høyanger
- Kvernhaugtunnelen (1334 m)
- Hovdetunnelen (1283 m)
- Nordeide → Kommunal veg til Nordeide ferjekai (0,2 km)
- → Nordeide-Måren-Ortnevik(-Vik), bilførande båtsamband, sjå Skyss
- Kyrkjebø
- Vadheimstunnelen (1658 m)
- Endepunkt Vadheim
Referansar
endre- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.
- ↑ Statens vegvesen trafikktelling, tall for 2011 http://www.vegvesen.no/Fag/Trafikk/Trafikkdata/Trafikkregistreringer Arkivert 2015-04-30 ved Wayback Machine.