[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Frelsesarmeen (engelsk Salvation Army) er eit kristent kyrkjesamfunn og veldedig organisasjon. Frelsesarmeen sin verdsleiar er general Brian Peddle.[1]

Frelsesarmeen

TypeNonprofit Corporation
Org.nummer938498318
Skipa2. juli 1865
HovudkontorLondon
Omsetjing209 659 000 britisk pund (2017) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar126 416 000 britisk pund (2017) Sjå dette på Wikidata
Tilsette2 826 (2017) Sjå dette på Wikidata
Medlemmer1 650 000
Nettstadhttps://www.salvationarmy.org/ Sjå dette på Wikidata

Historie

endre

Frelsesarmeen vart grunnlagd av ekteparet Catherine og William Booth i London 1865. Først brukte dei namnet East London Christian Mission. Salvation Army, det vil seie Frelsesarmeen, vart teke i bruk i 1878. Då omorganiserte Wiliam Booth organisasjonen til den halvmilitære forma han har hatt seinare.[2]

I Noreg vart Frelsesarmeen starta den 22. januar 1888[3] av Hanna Ouchterlony. Den første kyrkjelyden vart grunnlagd i Kristiania, den andre i Arendal. Frelsesarmeen i Noreg vart offentleg godkjend som eige trussamfunn i 2005. Øvste leiar for Frelsesarmeen i Noreg, Færøyene og Island er kommandør Knud David Welander.[4]

 
Frelsesarmeen sitt skjold.

Kjelder

endre
  1. «New leadership for The Salvation Army in the UK and Ireland | News Centre». news.salvationarmy.org.uk. Arkivert frå originalen 1. desember 2017. Henta 20. november 2017. 
  2. «Report on the records of the Salvation Army». Nationalarchives.gov.uk. Henta 11. april 2012. 
  3. «Historie», Frelsesarmeen (på norsk), henta 31. mai 2021 .
  4. «Organisering», Frelsesarmeen (på norsk), henta 31. mai 2021 .

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Frelsesarmeen