Fortuna
Fortuna er gudinne for lykke i romersk mytologi, og frå renessansen brukt som allegorisk og grafisk figur som symboliserer hell, lykke, handel og sjøfart.
Fortuna | |||
| |||
Identifisert med | Tyche | ||
---|---|---|---|
Barn | Copia |
Den antikke framstillinga av Fortuna er ei kvinne kledt i lange gevantar som held eit overflodshorn, ein ball eller Rota Fortunae (lykkjehjul) eller eit gubernaculum (ror eller styreåre). Den allegoriske figuren frå renessansen er gjerne ein naken kvinnefigur med den eine foten på ei kule og med eit langt, smalt skipssegl slynga over hovudet. Kule kan nokre gonger ha ei lita vengje på kvar side. Skulpturar med slike framstillingar av Fortuna finst som sjøfartssymbol i Amsterdam, Budapest og Venezia. Slike framstillingar finst også i norske og utanlandske segl og våpenskjold.
Kult
endreFar til Fortuna blei sagt å vera Jupiter. Som Annonaria verna ho korntilgangen. 11. juni var vigd henne, og 24. juni blei kultfestivalen hennar Fors Fortuna markert.[1][2]
Det er funne ein amulett frå Menanderhuset i Pompeii, frå det tidlege keisardømet, som knyter Fortuna til den egyptiske gudinna Isis, som Isis-Fortuna.[3] Ho er funksjonelt knytt til guden Bonus Eventus,[4] som ofte er representert som motparten henne. Begge opptrer på amulettar og intaglio-graverte smykkesteinar frå heile den romerske verda. Det er funne spor etter dyrking av Fortuna så langd nord som Castlecary i Skottland[5] og eit altar og statue til henne er no stilt ut ved Hunterian Museum i Glasgow.[6] I den tidlege republikanske tida, ifølgje Coriolanus, vigde Det romerske sentatet kring 488 f.Kr. eit tempel til Fortuna som takk for å verna byen mot øydelegging.[7]
Galleri
endre-
Statue av Fortuna og Pontos.
-
Nederlandsk måleri av Fortuna frå kring 1520-talet.
-
Renessanse-Fortuna gravert av Albrecht Dürer.
-
Fortuna avbilda i eit manuskript av Carmina Burana.
-
La Fortune (1894) av Charles Samuel.
-
Heraldisk Fortuna i byvåpenet til Glückstadt.
Kjelder
endre- ↑ Samuel Ball Platner and Thomas Ashby, A Topographical Dictionary of Ancient Rome,; (London: Oxford University Press) 1929: on-line text.
- ↑ Ovid, Fasti VI. 773‑786.
- ↑ Allison, P., 2006, The Insula of Menander at Pompeii: Vol.III, The Finds; A Contextual Study, Oxford: Clarendon Press
- ↑ Greene, E.M., "The Intaglios", in Birley, A. and Blake, J., 2005, Vindolanda: The Excavations of 2003-2004, Bardon Mill: Vindolanda Trust, pp187-193
- ↑ «Castlecary». The Antonine Wall. Henta 10 October 2017.
- ↑ «The Antonine Wall: Rome's Final Frontier». The Hunterian. University of Glasgow. Henta 10 October 2017.
- ↑ Titus Livius, Ab urbe condita, 2:40
- Denne artikkelen bygger på «Fortuna» frå Wikipedia på bokmål, den 22. oktober 2013.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fortuna» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2023.