Ellen Horn
Ellen Horn (fødd 1. februar 1951), fødd Ellen Stoesen, er ein norsk skodespelar, teatersjef og tidlegare kulturminister for Arbeidarpartiet.
Ellen Horn | |||
| |||
Fødd | 1. februar 1951 (73 år) Montreal | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | skodespelar, politikar, dokkespelar | ||
Ektefelle | Jon Christensen | ||
Barn | Kjersti Horn, Emilie Stoesen Christensen | ||
Alle verv |
Bakgrunn
endreEllen Horn blei fødd i Montreal, og budde dei fyrste åra av livet i Canada, der faren arbeidde for den internasjonale luftfartsorganisasjonen ICAO.[1] Seinare voks ho opp på Tjøme.[2]
Teater
endreHo dreiv dokketeater i tre år etter at ho fullførte vidaregåande skule.[3] Ho er utdanna som skodespelar frå Statens Teaterhøgskole. Ho har vore knytt til Fjernsynsteateret, til Nationaltheatret som skodespelar og teatersjef, og blei utnemnd til teatersjef for Riksteateret i februar 2005. Ho var styreleiar for Den Norske Opera frå 2007 til 2015.[2]
Regjering
endreEllen Horn var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Jens Stoltenberg si første regjering, 2000-2001.
Privatliv
endreHo er gift med jazztrommeslagaren Jon Christensen, og har to barn: Kjersti Horn, frå det tidlegare ekteskapet med Per Horn, og Emilie Christensen frå det noverande ekteskapet.
Nokre roller
endreSigrid Undset i Undset (Trøndelag Teater 2005)[4]
Kjelder
endre- ↑ Rossiné, Hans (18. juni 2024). «Ellen Horn». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- ↑ 2,0 2,1 «Ellen Horn». Store norske leksikon (på norsk). 18. juni 2024.
- ↑ NRK nyheter 7. oktober 2009
- ↑ Trøndelag Teater - heimeside
- «Jens Stoltenbergs første regjering». Regjeringa.no. Henta 12. oktober 2017.
- Hans Rossiné. «Ellen Horn». Norsk biografisk leksikon. Henta 12. oktober 2017.