[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Christopher Sean «Chris» Lowe (fødd 4. oktober 1959)[1] er ein engelsk musikar som i lag med Neil Tennant utgjer popduoen Pet Shop Boys.

Chris Lowe

Chris Lowe (venstre) med Neil Tennant under ein Pet Shop Boys-konsert i Boston i 2006
Fødd4. oktober 1959 (65 år)
FødestadBlackpool i Lancashire i England
FødenamnChristopher Sean Lowe
OpphavStorbritannia
Aktiv1981 til i dag
SjangerSynthpop, dance, IDM, pop, electropop, electronica
InstrumentSynthesizer, piano, elektroniske trommer, vokal, klaverinstrument
Kjende instrumentFairlight CMI
Korg Triton Extreme
Korg M3
Emu Emulator
Tilknytte artistarPet Shop Boys
PlateselskapEMI, Parlophone, Spaghetti
Verka somMusikar, klaverspelar

Sjølv om Lowe ikkje har vore involvert i mange soloprosjekt, skreiv han og produserte i 1993 songen «Do the Right Thing» for fotballspelaren Ian Wright (Lowe er stor Arsenal F.C.-fan).[2] I 2004 skreiv Lowe musikk for ein reklamekampanje for solkremen Blockhead. Songen enda opp i ei remiksa form på ei chill-out-samling kalla Café Mambo.

I 1995 dukka han opp som seg sjølv i den australske såpeoperaen Neighbours.[3]

Etter Pet Shop Boys byrja å halde faste konsertar, vart Lowe kjend for å stå heilt stille medan han spelte klaverinstrument på scenen.[4] I 1995 skreiv The Guardian at han var «kanskje meir kjend enn nokon andre i popindustrien for å gjere nesten ingenting».[5]

Kjelder

endre
  1. «Pet Shop Boys Official Site, History Section». Petshopboys.co.uk. Henta 16. mai 2016. 
  2. «Absolutely Pet Shop Boys Unofficial web site – RADIO 2 CONCERT Literally 30». Petshopboys.net. 7 Mai 2006. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 16. mai 2016. 
  3. «Chris Lowe (Pet Shop Boys) in Neighbours». YouTube. 2 January 2007. Henta 16. mai 2016. 
  4. Harrison, Andrew (April 2006), «The Pet Shop Boys talk for Britain», The Word (38), s. 98–106 
  5. Bracewell, Michael (15 July 1995), «Pop perfection», The Guardian, s. T012 

Bakgrunnsstoff

endre