Cecilie Broch Knudsen
Cecilie Broch Knudsen (fødd 3. januar 1950) er ein norsk biletkunstnar og administrator innan norsk kunstsektor.
Cecilie Broch Knudsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. januar 1950 (74 år) New York |
Yrke | kunstmålar, illustratør |
Far | Ditlef Knudsen |
Born | Nora Ceciliedatter Nerdrum |
Bakgrunn
endreCecilie Broch Knudsen blei fødd i New York som dotter av ambassadøren Ditlef Knudsen og Anna Sophie Broch.[1]
Ho var sambuar med målaren Odd Nerdrum frå 1977 til 1991.[1] Saman fekk dei tre barn, blant desse er kuratoren Nora Ceciliedatter Nerdrum.
Virke
endreKnudsen er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, Statens Kunstakademi og Statens yrkespedagogiske høgskole. Ho var rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo frå 2007 til 2015,[2] og rektor ved Einar Granum Kunstfagskole i perioden 1996–2007.
Diktarstien
endreI 1992 hadde Hardanger Folkemuseum ei utstilling der korte, poetiske tekstar av Terje Johanssen var hogde i stein. Året etter blei ein av steinane lagt som den første skiferhella i ein påbyrja diktarsti i museumstunet på Utne, i samband med 85-årsdagen til diktaren Olav H. Hauge. Ideen var utvikla av Broch Knudsen og den dåverande direktøren for museet, Ågot Gammersvik. Seinare har ein ny diktar fått «Skiferhella», og æra av å sjå sin tekst på ei skiferhelle i Diktarstien kvart år.[3] Alle steinane er utforma, og teksten hogd ut, av Broch Knudsen. I 2017 gav Nynorsk kultursentrum avd Olav H. Hauge-senteret og Hardanger og Voss museum avd. Hardanger folkemuseum ut ei jubileumsbok som presenterte alle tekstane og steinane i Diktarstien.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Sjøvoll, Therese (1. oktober 2015). «Odd Nerdrum». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 28. november 2017.
- ↑ «Rektors signatur.» (på norsk). Kunsthøgskolen i Oslo. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 11. desember 2016. «Tidligere rektorer. 2007–2015: Cecilie Broch Knudsen»
- ↑ «Diktarstien». Hardanger og Voss Museum. Henta 28. november 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Cecilie Broch Knudsen» frå Wikipedia på bokmål, den 16. februar 2020.