[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Bodhisattva (sanskritform, pali bodhisatta, av bodhi 'våken' og sattva 'vesen') er eit omgrep innan buddhismen om ein framtidig buddha. Omgrepet er særleg viktig innan mahayana-buddhismen, men finst også innan theravada. Siddhartha Gautama, i tida før han blei opplyst som Buddha eller i tidlegare liv, er kalla bodhisattva. Ein omtalar også den komande buddhaen Maitreya som bodhisattva. Innan mahayana bruker ein også omgrepet om kvar ein som har gjeve løfte om å søka mot oppvakning og ei rekkje oppvakna vesen som i staden for å tre inn i nirvana vel å bli gjenfødde og hjelpa alle levande vesen til å utvikle sin buddhanatur fram mot full opplysing. Desse vesena blir framstilte som frelsarfigurar, ofte som unge prinsar, og er omfatta av bøner og kulthandlingar.

Nepalsk statue av bodhisattvaen Manjusri.

Mahayana-bodhisattvaer

endre

Dei best kjende bodisattvaene i dei ulike mahayna-tradisjonane er:

Dei «åtte store bodhisattvaene»

endre
  1. Padmapani, (sanskrit for 'lotushaldar'), ei opphavleg form av Avalokitesvara. Padmapani og Vajrapani er særleg knytt til Buddha Amitabha og det reine landet Tushita (tibetansk Dewachen).
  2. Manjusri, visdomsbodhisattva
  3. Vajrapani, (sanskrit for vajra-haldar), løyndomsbodhisattva
  4. Maitreya, (frå sanskrit maitri, 'universell kjærleik') (kinesisk 彌勒, Mi Le japansk Miroku), bodhisattvaen som skal bli fødd og oppnå oppvåkning ved hjelp av eigne krefter, slik at han blir den nye Buddha etter at læra etter Gautama Buddha er gløymd
  5. Ksitigarbha, (japansk Jizō)
  6. Samantabhadra (sanskrit for 'all-god')
  7. Nirvanaviskambin
  8. Akashagarbha (sanskrit for 'himmelessens')

Kjelder

endre

«bodhisattva» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.