Bega ved Tisza
Bega (rumensk Bega, serbisk Begej (Бегеј), tysk Bega, ungarsk Béga) er ei 254 km lang i Romania (178 km) og Serbia (76 km). Ho spring ut i Poiana Ruscă-fjella i Romania, ein del av Karpatane, og munnar ut i Tisza nær Titel i Vojvodina i Serbia.
Bega Begej / Бегеј | |||
elv | |||
Land | Romania, Serbia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 870 km² | ||
Lengd | 256 km | ||
Kjelde | Poiana Ruscă-fjella i Romania | ||
Munning | Tisza, nær Titel i Serbia | ||
• høgd | 75 moh. | ||
Bega ved Tisza 45°54′53″N 22°24′21″E / 45.914722222222°N 22.405833333333°E | |||
Wikimedia Commons: Bega/Begej |
Elva i Romania
endreElva startar der elvane Bega Luncanilor og Bega Poieni renn saman. Ved Coșava snur elva vestover og renn gjennom Făget, Balinț og Topolovățu Mic, der ho renn ut på dei låge Banatslettene. Slettene var ofte råka av flaum, så Begakanalen vart bygd for å hindre dette. Kanalen renn gjennom Timişoara og held fram sørvestover og inn i Serbia nær landsbyen Hetin.
Elva i Serbia
endreNær Jankov Most vert Begej ein del av den store Donau-Tisza-Donau-kanalen og snur sørover. Her mottar ho vatn frå Novi Begej. Her renn elva ut frå kanalen og snur vestover. Ved Zrenjanin snur ho sørover gjennom det gamle elvefaret til Tisa, og renn gjennom Ečka, Stajićevo og Perlez. Denne delen av elva er prega av myrområde og nokre av desse er omforma til fiskevatn, som Belo jezero og Ribnjak Ečka, den største i Serbia med eit areal på 25 km². Resten av våtmarksområde dannar den største myra i Serbia, Carska bara. Etter Begej renn ut frå dette området munnar ho ut i Tisa.
Kjenneteikn
endreElva har eit nedslagsfelt på 2 878 km².
Dei kanaliserte delane av både Stari Begej og Novi Begej kan nyttast til skipsfart. Av busetnader langs Novi Begej finn ein Srpski Itebej, Novi Itebej, Torak og Žitište.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bega River (Tisza)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Administrația Națională Apele Române - Cadastrul Apelor - București
- Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971
- ICPA - Comune vulnerabile - Județul Timiș [1] Arkivert 2008-04-09 ved Wayback Machine.
- Trasee turistice - județul Timiș [2]
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: