Ariadne
dottera til Minos i gresk mytologi
Ariadne er ein gresk sogefigur som var dotter av kong Minos på Kreta.[1]
Ariadne | |||
Ariadne på ein gresk vase frå kring 380–370 f.Kr. | |||
Mor | Pasifaë | ||
---|---|---|---|
Far | Minos | ||
Ektefelle | Dionysos | ||
Sambuar | Dionysos | ||
Barn | Staphylus, Oenopion, Thoas, Thoas, Ceramo, Peparethus, Evanthes, Latramys, Evmédon |
Ariadne blei forelska i den attiske helten Thesevs då han kom til Kreta for å kjempa mot Minotauros. Ho gav han råd om korleis han kunne finna vegen ut av labyrinten (ariadnetråd).[1]
Etterpå tok Thesevs henne med seg bort frå øya, men lét henne så bli igjen på øya Dia (eller Naxos). I ei av sogeformene blei ho så drepen av gudinna Artemis her. Ei anna sogeform fortel at ho blei gift med guden Dionysos.[1]
Den forlatne, sovande Ariadne er ofte blitt framstilt i kunst frå oldtida.[1]