[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Anton Pavlovitsj Tsjekhov (29. januar 186015. juli 1904) var ein russisk dramatikar og novellist.

Anton Tsjekhov

Pseudonym Брат моего брата, Человек без селизёнки, Антоша Чехонте
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 17. januar 1860
Taganrog
Død

15. juli 1904 (44 år)
Badenweiler

Yrke lege, romanforfattar, journalist, skribent, prosaforfatter, satiriker, skodespelforfattar, novelleforfattar
Sjanger realisme, kortroman, skodespel, novelle
Far Pavel Chekhov
Mor Evgenia Chekhova
Ektefelle Olga Knipper
Signatur
Anton Tsjekhov på Commons
Anton Pavlovitsj Tsjekhov. Oljemåleri av Osib Bariz, 1898. Frå Tretjakovgalleriet

Tsjekhov skapte modellen for det moderne dramaet og representerer overgangen frå realismen til symbolismen. Han skreiv skodespel om det grå og kjedelege tilværet til figurar i det førrevolusjonære Russland. Dei mest kjente av desse er Чайка (Måken) (1895), Три сестры (Tre søstre) (1900) og Вишнёвый сад (Kirsebærhagen) (1903). Her er det treffande samfunnskildringar, men det var primært menneskelege kjensler han ønskte å framstille. Plotta har ofte ytre sett heller lite hendingar, fylt av kjedelege ting som overveldar og lammar alt tilløp til handling. I staden for fysiske konfliktar, dramatiske vendepunkt og fargerike figurar møter ein kvardagsmenneske, eller utstøtte som er fanga i statiske atferdsrutinar. Figurane uttalar seg stort sett om det som har skjedd i fortida. Jo meir dei seier, jo mindre handlar dei. Men under overflata finst valdsame kjensler.


Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Anton Tsjekhov