[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Amfetamin

kjemisk sambinding

Amfetamin er ei væske, ved standard romtemperatur og trykk. Det vert ofte omdanna til amfetaminsulfat, som er eit fast stoff. Amfetamin er eit av stoffa som kan føreskrivast for å behandle ADHD.[treng kjelde]

Strukturformelen til (±)-amfetamin.

Stoffet er eit alkaloid som første gong vart syntetisert i 1887.

Amfetamin frigjev noradrenalin og dopamin i nervevev.

Kortsiktige effektar av bruk kan vera auka konsentrasjon, senka appetitt, auka sexlyst, auka fysisk energi, nedsett hyperaktivitet hos folk med ADHD, auka kroppstemperatur, auka puls og hovudverk.

Langsiktige effektar kan vera rystelsar, endra sovevanar, svekka immunforsvar, impotens, hjarteproblem og fallande nyre/lungefunksjon.

Amfetamin har smeltepunkt 11.3[1] grader Celsius; kokepunkt 203 grader Celsius, ved 760 mmHg.[2]

Kjelder

endre
Fotnotar
  1. «Properties: Predicted – EPISuite». Amphetamine. ChemSpider. Royal Society of Chemistry. Henta 6. november 2013. 
  2. «Chemical and Physical Properties». Amphetamine. PubChem Compound. United States National Library of Medicine – National Center for Biotechnology Information. Henta 13 October 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amfetamin
Spire  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.