[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/

Adam og Eva er i dei abrahamittiske religionane dei første menneska Gud skapte, og alle menneske er etterkomarar av dei.

Adam og Eva i Codex Aemilianensis frå 994.

Adam er hebraisk og tyder menneske eller mann. Han var det første mennesket, og dermed, etter skapingssoga, alle menneske. I 1. mosebok 2.4 er det fortalt at Gud « skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.» Seinare skapte Gud Eva av Adam sitt ribbein. Adam vart sett til å passa og dyrka Edens hage, men vart driven ut etter syndefallet.

Den gamle Adam er eit uttrykk Martin Luther brukte om det syndige mennesket.

Eva er eit hebraisk kvinnenamn frå Første Mosebok i Bibelen, Chawwa, som vart omsett til Eva i den greske bibelomsetjinga Septuaginta. Namnet kan komme frå det hebraiske omgrepet for liv, chai, men etymologien er usikker.

Kjelder

endre
  • caplex.no

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Adam og Eva
Spire  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.