[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Etternamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etternamn er ein del av eit personnamn som vert bruka etter fornamnet, som eit tillegg til dette. I Noreg brukast nemninga i dag nærast synoymt med slektsnamn.

Før namnelova av 1923 fanst det likevel ulike former for etternamn i Noreg:

  • Patronym som var laga av farsnamnet og endinga -son eller -dotter (evt -søn, -sen eller datter)
  • Gardsnamn som ein tok etter garden, bruket eller plassen ein bodde på.
  • Slektsnamn som følgde slekta (typisk Winter, Sverdrup, Ibsen)

Etter kvart som skikken med å ta slektsnamn breidde om seg, vart tidlegare patronym og namn på gardar der familien tidlegare hadde budd bruka som slektsnamn i mange familiar.

Mindre vanleg i Noreg, men svært vanleg lenger sør i Europa, har vore å ha yrkestittelen som etternamn. Det best kjende dømet er Smith (smed) i England, som er det vanlegaste etternamnet der.