Oscillasjon
Utsjånad
(Omdirigert frå Vibrasjon)
Oscillasjon eller svinging er ei regelmessig rørsle fram og tilbake omkring ein likevektsstilling eller mellom to eller fleire ulike tilstandar.
Kjende døme er ein svingande pendel og vekselstraum. Omgrepet vibrasjon eller svinging vert stundom nytta meir snevert for å meine ein mekanisk oscillasjon, men kan òg ha synonym som har lik tyding som oscillasjon. Oscillasjonar oppstår ikkje berre i fysiske system, men òg i biologiske system og i menneskelege samfunn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- oscillasjon. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/oscillasjon
- Denne artikkelen bygger på «Oscillasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2013.