[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Tusenårsstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tusenårsstaden)
Vardø var tusenårsstad for Finnmark.
Foto: Clemensfranz

I samband med markeringa av overgangen til 2000-talet vart det bestemt at fylka og kommunane skulle velje seg ut kvar sin fylkesvise/kommunale tusenårsstad.

Fylkestusenårsstadene

[endre | endre wikiteksten]

Utgangspunktet for Kultur- og kyrkjedepartementet, som står bak idéen om tusenårsstadene, var at det skulle vere ein tusenårsstad i kvart fylke, og at desse skulle vere på plass innan år 2005. Dette skulle også vere ein del av markeringa av hundreårsfeiringa for unionsoppløysninga i 1905.

Målet for fylkestusenårsstadene er å bidra til at anlegg, institusjonar, kulturmiljø, naturområde og liknande av stor historisk, kulturell eller miljømessig verdi blir teke vare på og markerte på ein særskilt måte.

Avaldsnes kyrkjeKarmøy er ein del av rogalandstusenårsstaden Avaldsnes
Foto: Christian Bickel

Tusenårsstadene skal ha ei nasjonal, kulturell og miljømessig betydning som peikar ut over det enkelte fylke. Dette målet seier noko om kva som gjer ein stad til tusenårsstad i fylket og kvifor ein ynskjer å gje staden denne statusen.

Retningslinene for å velje stad vart fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet og det blei også gitt statleg støtte til tusenårsstadene. Det var eit vilkår at staden skulle ha noko ved seg som har betydning for heile nasjonen. Slik vil t.d. høvdingsetet Avaldsnes i Rogaland mellom Nordvegen Historiesenter markere Harald Hårfagre si samling av dei mindre høvding- eller kongerika til eit kongedømme. Eidsvoll 1814 - Rikspolitisk senter på Eidsvoll i Akershus vil markere den demokratiske styringsforma i landet. Stader som Avaldsnes, Eidsvoll og Petter Dass-museet på Alstahaug er fylkestusenårsstader nettopp fordi dei peikar ut over det lokalsamfunnet og det fylket kor dei er lokaliserte.

Det var to hovudtiltak som staten la vekt på i sin målsetjing med tusenårsstadene:

  • Ta vare på
  • Markere

Ta vare på ved å sette i stand bygningar og kulturlandskap, oppgradering og gjere staden lett tilgjengeleg for publikum.

Tusenårsstadene skulle også markerast med eit fysisk tiltak, som til dømes ei minneplate, ein skulptur eller ein bygning. Andre markeringar kunne vere aktivitetar og arrangement.

Oversikt over fylkestusenårsstadene

[endre | endre wikiteksten]
Fylke Tusenårsstad heimeside Evt. merknader
Akershus Eidsvoll 1814 Rikspolitisk senter Senterets heimeside
Aust-Agder Nes verk Jernverksmuseets heimeside
Buskerud Hringariki Veien Kulturminnepark Infoside på Ringerike Kommunes heimesider Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
Finnmark Vardø by
Hedmark Domkirkeodden Hamar Hedmarksmuseets heimeside
Hordaland Hardanger Kunst- og kultursenterets heimeside Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. Sjå Kabuso.
Møre og Romsdal Jugendstilsenteret Senterets heimeside
Nord-Trøndelag Norveg senter for kystkultur og kystnæring Senterets heimeside
Nordland Petter Dass-museetAlstahaug Museeets heimeside Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
Oppland Hundorp, Dale-Gudbrands gard heimeside Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
Oslo Middelalderbyen Oslo
Rogaland Avaldsnes Informasjonsside på Nordvegen historiesenter Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
Sogn og Fjordane Tusenårsstaden Gulatinget heimeside
Sør-Trøndelag Sverresborg Trøndelag Folkemuseum Folkemuseets informasjonsside
Telemark Telemarkskanalen Offisiell heimeside
Troms Hålogaland teater Offisiell heimeside
Vest-Agder Lindesnes fyr Offisiell heimeside
Vestfold Midgard historisk senter og Borreparken Offisiell heimeside
Østfold Fredriksten festning Tusenårsstadets heimeside Arkivert 2007-04-16 ved Wayback Machine.

Kommunetusenårsstadene

[endre | endre wikiteksten]

Kommunane vart tildelt 119 500 kroner frå arrangørselskapet Tusenårsskiftet-Norge 2000 AS i økonomisk støtte.

Arrangørselskapet var eit heileigd statsaksjeselskap som hadde som oppgåve å førebu og gjennomføre markeringa av nytt tusenår og hundreårsjubiléet for unionsoppløysninga i 1905.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Bokmålswikipediaen finst ein fin oversikt over kommunetusenårsstadene som stadig blir forbetra.