Thomas Magnuson
Thomas Magnuson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 2. juli 1950 (74 år) Motala |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1972, Ski-VM 1974 |
Bernt Thomas Magnuson (fødd 2. juli 1950) er ein svensk tidlegare langrennsløpar og seinare gardbrukar. Han vart verdsmeister på 30 km under ski-VM 1974 i Falun, og gjekk ankeretappen for Sveriges lag som vann 4x10 km stafett under ski-VM 1978 i Lahti. Magnuson var fødd i Motala og tevla for Delsbo IF. Han bur i Långby i Forså socken i Hudiksvalls kommun i Hälsingland.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Magnuson debuterte for Sverige i store, internasjonale meisterskap med å gå startettappen på 4x10 km stafett under vinter-OL 1972 i Sapporo, laget vart nummer 4.
Dei fire sesongane 1972-75 var Magnuson den klart beste langrennaren i Sverige. Han vann ti av dei tolv individuelle svenske meisterskapa som vart arrangert i perioden, berre tremilsmeistrane Lars-Arne Bölling i 1973 og Sven-Åke Lundbäck i 1975 hindra storeslem for Magnuson.
På opningsdistansen under ski-VM 1974 på svensk heimebane i Falun, vann Magnuson ein overlegen siger med 53,4 sekundars margin til sølvvinnaren Juha Mieto frå Finland. Seinare i meisterskapen gjekk han inn til bronse på femmila, slått av verdsmeisteren Gerhard Grimmer frå DDR og Stanislav Henych frå Tsjekkoslovakia.
Magnuson deltok ikkje i vinter-OL 1976, då far hans døydde straks føre olympiaden. Året etter vann han femmila i Holmenkollen med ein sigersmargin på godt over fem minuttar til toaren, Ivar Formo.
Han lukkast ikkje i dei individuelle renna under ski-VM 1978 i Lahti, men vart likevel teken ut til å gå siste etappen på stafetten. Saman med lagkameratane Sven-Åke Lundbäck, Christer Johansson og Tommy Limby vann han og Sverige VM-gullet etter at Magnuson sjølv gjekk frå Finlands ankermann, Matti Pitkänen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-VM 1974 i Falun: Gullmedalje på 30 km og bronsemedalje på 50 km
- Ski-VM 1978 i Lahti: Gullmedalje på 4 x 10 km stafett, nr 18 på 30 km
Gullmedaljar i svenske meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- 1972: 15 km, 30 km og 50 km
- 1973: 15 km og 50 km
- 1974: 15 km, 30 km og 50 km
- 1975: 15 km og 50 km
Magnuson la opp i 1978, då han av helsemessige årsaker ikkje kunne trene så mykje at han kunne henge med i langrennstoppen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Thomas Magnuson» frå Wikipedia på svensk, den 17. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Thomas Magnuson – Profil og resultatoversikt hos FIS