Psykisk utviklingshemming
Psykisk utviklingshemming | |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
ICD-9-kode: | 317-319 | ||
ICD-10-kode: | F70-F79 | ||
DiseasesDB | 4509 | ||
eMedicine | med/3095 neuro/605 | ||
MeSH | D008607 | ||
MeSH | D008607 |
Psykisk utviklingshemming er eit fellesomgrep for fleire tilstandar når eit menneske har hemma utvikling av forstand og innleringsevne.
Eitt kriterium for at eit individ skal reknast som utviklingshemma er at IQ-nivået er under 70 på fleire (minst to) kognisjonsinstrument. Eit anna kriterium er at personen skal ha store nedsette adaptive funksjonar i minst tre viktige livsområde. Det vil seie at personen har vanskar med å handtere og tilpasse seg normale krav i kvardagen, som sjølvhygiene, gå på skule eller ha eit fungerande sosialt liv.
Mange utviklingshemma har andre funksjonshemmingar, som rørslehandikap eller dårleg syn. Hjerneskadar som cerebral parese inneber ikkje i seg sjølv utviklingshemming, men mange av dei som er råka har òg dette.
Årsakar
[endre | endre wikiteksten]Psykisk utviklingshemming kan skuldast arvelege anlegg og skadar som har oppstått under fosterutviklinga. Ein annan årsak kan vere hjernehinnebetennelse i barndommen etter barnesjukdommar som meslingar, kusma eller vasskoppar. Enkelte former for psykisk utviklingshemming, som Føllings sjukdom, kan kome av stoffskiftefeil og kan motverkast med riktig diett.
Behandling
[endre | endre wikiteksten]I behandlinga av psykisk utviklingshemming prøver medisinske, sosiale, pedagogiske og psykologiske fagfolk å utvikle pasienten sine evner.
Grad av psykisk utviklingshemming
[endre | endre wikiteksten]I dag vert graden av psykisk utviklingshemming kategorisert som:
- Lettare utviklingshemming (IQ 70-50)
- Moderat utviklingshemming (IQ 50-35)
- Alvorleg utviklingshemming (IQ 35-20)
- Djup utviklingshemming (IQ under 20)
Utviklingshemmingar hos born vert som regel oppdaga når ein byrja å undersøke kvifor barnet utviklar seg sakte.
Tidlegare vart personar som var psykisk utviklingshemming kalla åndssvake eller evneveike. Ein evneveik person hadde IQ mellom 75 og 50 ,[1] ein imbesill mellom 50 og 35,[2] og ein idiot under 35.[3]