Provinsen L'Aquila
L'Aquila | |||
provins | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Abruzzo | ||
Hovudstad | L'Aquila | ||
Areal | 5 034 km² | ||
Folketal | 306 701 (1. januar 2014) | ||
Postnummer | 67010-67100 | ||
Retningsnummer | 0862, 0863, 0864 | ||
Bilnummer | AQ | ||
Provinsen L'Aquila 42°25′22″N 13°23′40″E / 42.4228°N 13.3945°E | |||
Kart som viser Provinsen L'Aquila.
| |||
Wikimedia Commons: Province of L'Aquila |
Provinsen L'Aquila (italiensk Provincia dell'Aquila) er den største provinsen i regionen Abruzzo i Italia. Han er òg den mest fjellprega og minst folketette provinsen i regionen. Hovudstaden er byen L'Aquila.
Provinsn utgjer om lag halvparten av Abruzzo og dekkjer den vestlege delen av regionen. Han grensar til provinsane Teramo i nord, Pescara og Chieti i aust, Isernia (i Molise) i sør og Frosinone, Roma og Rieti (i Lazio) i vest.
L'Aquila inneheld dei høgaste fjella i Appenninane (Gran Sasso, Maiella og Velino-Sirente), og den høgaste toppen Corno Grande, fjellsletta Campo Imperatore og den sørlegaste isbreen i Europa, Calderonebreen. Dei største elvane i regionen er Aterno-Pescara, Sangro, Liri, Salto og Turano og dei største innsjøane er Lago Scanno og Lago Barrea. Ein gong låg den største innsjøen på Den italienske halvøya, Fucinosjøen, her, men denne vart drenert på 1800-talet. I dag er den tidlegare innsjøen eit blømande jordbruksland og eit viktig teknologidistrikt.
Økonomi og folk
[endre | endre wikiteksten]Provinsen er kjend for dei mange borgene, festningane og urørte åsbyane frå mellomalderen. Dei to største byane i provinsen, L'Aquila og Avezzano, har hatt stor økonomisk vekst dei siste to tiåra med vekst i produksjon av køyretøy, telesamband og dataindustri. Gjennom det meste av 1900-talet leid landsbygda under stor fråflytting. Dei siste åra har opprettinga av Gran Sasso e Monti della Laga nasjonalpark, Majella nasjonalpark og Sirente-Velino regionspark førte til auka turisme, som har hjelpt på økonomien i området og folk har byrja å flytte tilbake hit.
Området har eit areal på 5 034 km² og totalt 297 592 (2001).
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Det er 108 kommunar i provinsen. Dei største av desse er:
Kommune | Folketal |
---|---|
L'Aquila | 71 761 |
Avezzano | 39 670 |
Sulmona | 25 363 |
Celano | 11 012 |
Pratola Peligna | 7 890 |
Tagliacozzo | 6 820 |
Trasacco | 6 115 |
Castel di Sangro | 5 778 |
Luco dei Marsi | 5 776 |
Capistrello | 5 473 |
Carsoli | 5 238 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of L'Aquila» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2007.